Susan Abdallah er leiar for Kontaktutvalet for innvandrarar og flyktningar i Stord kommune. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

DEBATT: Arbeidarpartiet må gå i brodden for å endra asylpolitikken, slik at den legg større vekt på dei universale menneskerettane og barnekonveksjonen.

Av: Susan Abdallah og Per Jan Ingebrigtsen,
Stord Arbeidarparti

Årsmøtet i Stord Arbeidarparti har vedteke å senda følgjande forslag til årsmøtet i Vestland Arbeidarparti, med von om at det vert sendt vidare til landsmøtet i partiet. Årsmøtet i Tysnes Arbeidarparti har også slutta seg til forslaget.

Stord Arbeidarparti vil ha ei endring av asylpolitikken i Noreg for flyktningar/ asylsøkjarar som ikkje kan returnerast til eit opphavleg heimland.

Eit resultat av dagens asylpolitikk er at humanitærgrunnlaget ikkje har same tyngde i sakshandsaminga og vurderinga av asylsøknaden som før. Mange asylsøkjarar får avslag, men med nok rettshjelp – og støtte frå lokalsamfunnet, vert ofte avslaga gjort om, og søkjarane får opphald. Dei med minimale resursar risikerer å ikkje få tilstrekkeleg rettshjelp, og endar opp med endeleg avslag med utreisefrist. Nokre av desse kan ikkje returnerast, og må berre fortsetja å bu i Noreg, utan noko form for borgarlege rettar. Sidan desse korkje kan arbeida eller har rett til skulegang, kjem mange i ein så vanskeleg situasjon, at dei av heilt eksistensielle grunnar, må brødfø seg på ulovleg vis.

Arbeidarpartiet må gå i brodden for å endra asylpolitikken, slik at den legg større vekt på dei universale menneskerettane og barnekonveksjonen. Kva som er borna sitt beste, skal vera avgjerande i asylsøknadar som gjeld barnefamiliar. At ein person ikkje kan returnerast til eit heimland, skal ha vesentleg påverknad på endeleg vedtak.

- Annonse -

Mange born og unge vert kvart år borte frå norske asylmottak, utan at ein har oversikt over kvar dei har teke vegen. Alle mindreårige asylmottakarar må ha rett til verge, gjerne ein sivil person i lokalsamfunnet, som får økonomisk kompensasjon for å følgja opp vedkommande barn\ ungdom. Særleg gjeld dette einslege mindreårige asylsøkjarar. Asylmottaka, som husar einslege mindreårige, må få resursar som er spesielt øyremerka desse.

Når mottaksleiinga melder frå til politiet om mindreårige som vert borte frå mottaket, må forsvinninga handsamast på same måte som når eit barn forsvinn frå ein vanleg norsk heim.

Mange unge jenter og kvinner av utanlandsk opphav, lever i dag under eit formyndarskap som er i strid med norsk lovgjeving. Det kan vera far, brør, onklar, ektefelle eller nær familie i heimlandet som drastisk avgrensar deira livsutfalding og deira moglegheiter til å ha eit sosialt liv utanfor næraste familierelasjonar. Religiøse tvangstrøyer vert ofte nytta for å oppnå sosial kontroll, og ikkje sjeldan vert unge kvinner sende på kortare eller lengre opphald i landet deira foreldre har flykta frå, for å få prenta den religiøse identiteten inn i hjernebarken

Samfunnet må i større grad stilla opp for desse jentene\ kvinnene gjennom å synleggjera rettane dei har i det norske samfunnet – for dei sjølve – og deira familie. Her må skulen vera ein årvaken og aktivert ressurs.

Ein må vurdera behovet for å oppretta spesielle krisesenter som varetek desse jentene\kvinnene sine spesielle behov.