Ordførar Gaute Epland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord Maritime Museum får likevel full uttelling for søknaden om 240.000 kroner i driftsstøtte.

Etter forslag frå Arbeidarpartiet vedtok NMK-komiteen i starten av april å berre løyve 100.000 kroner til Stord Maritime Museum.

Det var mindre enn halvparten av summen på 240.000 kroner som rådmannen innstilte på, og vart begrunna med manglande museumsfagleg tilknyting til samlinga.

Men etter vedtaket har Stord Ap kome fram til ta dei no vil snu, og likevel løyve alt som stiftinga har søkt om.

– Me har drøfta denne saka fram og tilbake fleire gonger. Konklusjonen me kom fram til er at me vil røyste for rådmannen sitt forslag, sa Ap-politikar Nils Tore Gram Økland.

Likevel held han fram at ein museumsfagleg tilknyting vil vere naudsynt når ein ny søknadsprosess om løyvingar vil bli handsama til hausten.

- Annonse -
- Annonse -

– Slik me oppfattar intensjonen i forslaget, ser me det slik at når samlinga søkjer om driftstilskot så må denne søknaden vurderast utifrå om eit museumsfagleg fundament er blitt etablert.

- Annonse -

Nils Magne Blålid (SV) var blant dei som meinte vedtaket frå NMK-komiteen kunne forsvarast.

– Me vil løyve 100.000 fordi me ønskjer det skal vere eit trykk på at dei faktisk inngår eit museumsfagleg samarbeid raskast mogleg. Det er eit krav som har vore over veldig lang tid, og då ser me det sånn at dei totale pengane me skal bruke på museumsdrift så betyr det noko for meg kva den totale løyvinga er.

Varaordførar Jakob Bjelland (Sp) nytta høve til å rose eldsjelane ved Stord Maritime Museum for å ha klart å redusere kostnadane.

– I fjor sa eg at dersom dei kjem med eit opplegg er me positive til å løyve pengar. I dag vil eg gi ros til dei med jobben dei har gort for å trekkje ned kostnadane. Difor stør me forslaget. Samtidig ser me at det er noko å gå på med den museumsfaglege kontakten.

Det var berre fem røyster i kommunestyret som støtta vedtaket som fekk fleirtal NMK-komiteen. Stord Maritime Museum får dermed full telling for søknaden dei har sendt til kommunen, på 240.000 kroner.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -