Foto: Fiskeridirektoratet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fiskeridirektoratet aksjonerte i helga mot ulovleg hummarfiske i Stord, Kvinnherad, Tysnes og Bømlo, og det er ingen tvil om at aksjonen gav resultat.

225 ulovlege reiskap vart beslagtlagt i aksjonen som Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Statens Naturoppsyn og politiet samarbeida om.

Til saman 20 personar blei politimeld for ulovleg fiske.

Inspektør Ina Giil Solheim frå Fiskeridirektoratet. Foto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet.

– Kan vente seg bøter

– Dette er ulovlege reiskap med kjent eigar. Dei kan vente seg reaksjon og bøter frå Politiet, seier aksjonsansvarleg Ina Giil Solheim frå Fiskeridirektoratet.

Ho seier at dei fleste tilfella av ulovleg hummarfisking handlar om for dårleg merking av teinene.

– Umerka reiskap utgjer størsteparten av beslaga. Nokre av desse er ulovlege hummarteiner der eigar heilt tydleg unnlèt å merke, medan brorparten er beint fram slurv.

Fiskeridirektoratet sorterer ulovlege reiskap på KV Tor etter aksjonen i helga. Foto: Fiskeridirektoratet

Fått tips om ulovleg aktivitet

- Annonse -
- Annonse -

Fiskeridirektoratet gjennomfører årleg aksjonar ulike stadar i landet, der ein mistenkjer at ulovleg hummarfiske er utbredt.

- Annonse -

– Kontrollområda er valt ut med bakgrunn i tips, historikk og kjennskap til områda frå før. Dette er stader me er kjend med at det er mykje ulovlege reiskap, seier Solheim.

Ho minner om reglane for teinene:

Opningane må vere minst 80 millimeter og plasserte nede ved botnen slik at hummar og småkrabbe lett kan ta seg ut. Det skal vere minst éi sirkelforma fluktopning på kvar side av reiskapen. Teinene må også merkast med namn og adresse.

Reglane seier også at fritidsfiskarar kan fiske med inntil 20 teiner på denne tida av året. Ruser er forbode, med mindre ein har dispensasjon til det.

Hummarsesongen startar 1. oktober klokka 8 om morgonen. Alle som skal fiske hummar må registrere seg.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -