Foto: Kari Mendelejev Svanberg/Vindblikk.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Nico Widerberg stiller ut si første separatutstilling på Galleri Giga.

Galleri Giga kan vise til fleire spennande prosjekt dei siste månadane, med boklanseringar, teikning, måleri og performanceførestillingar på tapetet. No er dei klare med årets første sommarutstilling, denne gang med ein av Noregs største samtidskunstnarar, Nicolaus «Nico» Widerberg.

Vekslar mellom «det fine og det stygge»

Nico Widerberg. Pressefoto: Trygve Indrelid

Sidan debuten i 1984 har Widerberg hatt over 60 utsmykkingsoppdrag og nærare 50 separatutstillingar. Han er blant anna kjent for monumenta av Thor Heyerdal og Trygve Lie, utsmykkinga av Regjeringsbygget, og for å ha utført minnemonumenta i samband med 22.juli-tragedien.

– Eg er oppteken av motsetnadar, det å attspegle både det fine og det stygge. Eg vekslar mellom polerte og rå overflatar. Verda består også av desse motsetnadane, og eg trur det er viktig at dei ikkje får undertrykke kvarandre, heiter det i pressemeldinga.

Widerberg er utdanna ved Statens håndverk- og kunstindustriskole, og Statens kunstakademi i Oslo. Han arbeidar hovudsakleg med skulptur i stein, bronse og glas, men kan også vise til omfattande arbeid med oljemåleri og grafikk.

Vil gi liv til det som er dødt

– Me går gjennom ulike fasar i livet. Nokre gongar er det befriande å kunne jobbe i steinhoggeriet, med store og tunge materiale. Andre gongar er det fint å jobbe med litt lettare ting. Men alt eg gjer inspirerer kvarandre gjensidig, opplyser Widerberg i pressemeldinga.

- Annonse -

– Eg ønsker å fryse opplevingar og gi liv til det som er dødt. Eg legg ei ny sjel i materiale. Eg trur det finst ei kraft utanfor meg sjølv som eg kan vidareføre til kunsten. Det blir forsterka ved at eg søker og er i rørsle.

Utstillinga vil bli opna av Jane Jünger og Cecilie Anna på laurdag, og er tilgjengeleg ut juli.

- Annonse -