Anders Fosse (f.v.), Britt Heidi Værøy og Åge Stokken har ansvar for årets Fest i Vest. I år har dei fått låna lokalet der Voxy-restauranten tidlegare låg. Foto: Malin Langøy Aarbø/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Festivalen, som i år blir arrangert for fjerde gong på rad, har sett seg nøydd til å utvide området for marknadsplassen.

– I fjor var det nærare 3500 folk som kom for å kikke i salsbuene. Dette slo veldig godt an. I år har me faktisk hatt kø av folk som vil stille ut, og dette synes me er stas, opplyser Åge Stokken i festivalleiinga.

Så langt har 32 salsbuer meldt sin ankomst til Fest i Vest i helga. Dette har ført til at festivalleiinga har måtte opne opp eit ekstra område for å få plass til alle.

– Me fekk nokre ekstra kvadrat bak Sago, der dei skal bygge nye leiligheitar. Det er klart at folk pratar i lag og deler erfaringar på godt og vondt. Derfor er det kjekt å sjå at mange av dei som stilte ut i fjor, vil kome tilbake i år.

Vil ha opp ekstra serveringstelt

Festivalen ligg godt an med rigginga til fredagens opning, og kan så langt melde om bra førehandssal av billettar. Målet er å nå opp til publikumsrekorden frå fjoråret, som då var på nærare 1700 selde festivalpass.

Også for to år sidan var det mange folk som tok turen innom festivalen i Sagvåg. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg

– Det byrjar å flaske seg, men det er framleis ein del førebuingar som står att. Mange telt skal opp, og me må få opp scena. Samtidig har me planar om eit serveringstelt på kaien. Her er det planlagt at me skal ha ein trubadur på dagtid, servering av bacalao og diverse underhaldning, seier festivalleiar Britt Heidi Værøy til Stord24.

- Annonse -
- Annonse -

Ho fortel at festivalen har søkt om ekstra skjenkeløyve i det nye teltet, og at dei ventar på tilbakemelding frå kommunen.

Trur fredagen vil trekke mange

I tillegg har festivalleiinga planar om å legge til rette for fleire fasilitetar for barn i år. Blant anna skal dei ha Bungee Jumping på trampoline, sjørøvarshow med ny vri, og køyring med Eliasbåten.

På kveldstid er det dessutan duka for eit variert konsertprogram med blant anna Bjørn Eidsvåg, Raga Rockers, Chris Thompson, Skaar og Myhres PPT. Dørene opnar klokka 19.

- Annonse -

– Me kryssar fingrane for at folk er tidleg ute. Målet er at folk skal bli verande lenger. Det blir spanande å sjå om det fungerer, seier Åge Stokken.

– Kven trur de blir trekkplasteret til festivalen i år?

– Me veit at mange vil kjøpe billettar for å gå på Bjørn Eidsvåg. Ofte plar det vere minst folk på fredagen, men denne gang har me tru på at det vil bli like mange folk på fredag som på laurdag.

– Målet er å halde billettprisane låge

Festivalen, som i år blir arrangert for fjerde år på rad, gjekk i fjor med eit lite underskot grunna uforutsette utgifter. Dette har dei måtte ta høgde for i år, med utgifter til fasilitetar og barnearrangement på nærare 100 000.

– Me lærar kvart år, blir betre og investerer i eigne fasilitetar sjølv. Det er klart at me opererar med moderat risiko og alt kan skje. Men i år har me rygg til å bere dette, seier Anders Fosse.

– Målet er å halde billettprisane så låge som mogeleg. Det skal ikkje vere ein buffer å auke prisane, og med tanke på at me har fått inn store artistnamn på programmet, vil eg påstå at me er ein billig festival.

Barnearrangementa og området til salsbuene er gratis for publikum.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -