Foto: Odda kommune
- Annonse -

SKL har brukt mange millionar kroner på planlegginga av flaumtunell og kraftverk i Opovassdraget i Odda. No kan planane falle i grus.

Sunnhordland Kraftlag har planar om å investere rundt 300 millionar kroner i ein flaumtunnel med eit kraftturbin i enden av elva Opo i Odda, som skal finansiere utbygginga.

Bakgrunnen er at elva er svært flaumutsett, og SKL har tidlegare inngått avtale med Odda kommune om utbygginga.

Men prosjektet har fått stor motstand både blant lokalbefolkinga i Odda og frå miljørørsla. I førre veke hadde SKL eit folkemøte i Odda om saka. I forkant av møtet vart det arrangert protestmarsj oppover elva mot SKL sine kraftplanar.

Uroleg for konskvensane

Stortingspolitikar frå SV og tidlegare leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken er ein av dei som er svært uroa over konsekvensane av SKL sin planlagte kraftutbygging Odda.

– Opo renn urørt frå fjell til fjord. Slike vassdrag er mangelvare i dag. Dessutan er eg uroleg for konsekvensane ei utbygging vil ha på fisket i elva. Lokalt opplever eg at engasjementet er stort for å ta vare på vassdraget, seier Haltbrekken til Bergens Tidende.

- Annonse -

Årsproduksjonen i det planlagte kraftverket er rekna til å vere på 170 GWh/år. Det er nær ti prosent av SKL sin totale straumproduksjon for eit normalår.

John Martin Mjånes er ny administrerande direktør i SKL. Foto: SKL

I årsmeldinga til SKL frå 2017 vert prosjektet trekt fram som eit av to store prosjekta til selskapet framover, i tillegg til bygging av Løkjelsvatn kraftverk i Etne. SKL brukte 11,4 millionar kroner på prosjektutvikling av Opovassdraget berre i løpet av i fjor.

– Slik prosjektet framstår, synes det å vera eit samfunnsmessig svært godt prosjekt, og under rette føresetnader kan prosjektet vera realiserbart for SKL, skriv administrerande direktør John Martin Mjånes.

Kan tape prosjektet

Men motstanen har ført til at NVE har opna for eit anna flaumsikrings-alternativ i Odda. På oppdrag frå NVE har Multiconsult laga ein rapport om eit potensielt alternativ til flaumsikring, der ein i staden for SKL sine kraftplanar byggjer flaumluke i Sandvinvatnet. Dette meiner Haltbrekken er ei betre løysing.

– Multiconsult sin rapport viser at flaumluke er ei god løysing. Når det finst eit alternativ, der ein kan få flaumsikring samstundes som elva blir teken vare på, bør vi gå inn for det alternativet, seier Haltbrekken til BT.

Ulempa med dette alternativet er at det er skattebetalarane som då må stå for rekninga, på rundt 100 millionar kroner, og altså ikkje SKL som tek rekninga.

Haltbrekken reknar med at det kjem eit halvt år før saka kjem opp til endeleg handsaming i Stortinget.

- Annonse -