Stord kommune har signert leigeavtale med Borggata Futurum AS. Skisse: MAD arkitekter
- Annonse -

Stord kommune har signert avtale med det nye helsehuset i Borggata, og skal med det flytte helsestasjonen i Myro inn i det som vert Stord Helsepark AS.

Det var i november i fjor at kommunestyret, som ein del av budsjettvedtaket, vedtok at helsestasjonen i Leirvik sentrum skal flytta inn i den komande helseparken. I dag vart leigekontrakten signert mellom Stord kommune og Borggata Futurum AS.

– Helsestasjonen har lokale i Myro med eit avdelingskontor i Sagvåg og eit i Nordbygdo. Lokala i sentrum er ikkje tilpassa dagens drift. Det er for få kontorplassar og lite tilfredsstillande tilhøve for foreldre med små born, skriv Stord kommune på sine nettsider.

Lågterskeltilbodet Maris held for tida til i midlertidige lokaler i det gamle bygget på Nattrutekaien. Sidan dette bygget etter planen skal rivast, vil Maris trenge nye lokaler.

– Det ligg til rette for at Maris, med relativt enkle ombyggingsgrep, kan nytte lokala i Myro og ein får ein vinn–vinn situasjon.

- Annonse -

Leigeavtale omfatter over 400 kvadratmeter, og kommunen skriv også at dei vurderar å leige ytterlegare areal til utekontakten. Dei har sikra seg høve til å utvide kontrakten fram til 1. juni 2020.

- Annonse -
- Annonse -

– Fram til dess vil rådmannen vurdere arealbehovet til utekontakten nærmare.

Stord helsepark er planlagt ferdig i april 2021.

Dagleg leiar i Borggata Futurum AS, Åsa Eldøy, og ordførar Gaute S. Epland (Ap). Foto: Haldis Lauksund