Det er no stor grasbrannfare i heile Hordaland. Brannvesenet oppmodar alle om å ta ei god riskovurdering før dei tenner bål og grillar i naturen. (Ill.foto: KVB)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– No er det knusktørt fortel brannsjef i Os, Stein Gjøsund.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh, Midtsiden

– Utfordringa er årsgammalt gras som grunna den varme sommaren i fjor, framleis er knusktørt, seier Gjøsund. Fram til nytt gras får veksa opp, er situasjonen at det er stor grasbrannfare i heile fylket.

Gjøsund minnar òg på at det generelle bålforbodet trer i kraft 15. april. Dette gjeld fram til 15. september.

I 2016 vart reglane endra noko; du sjølv kan vurdera om det er trygt å tenna bål eller ikkje. Samstundes vart bålforbodet utvida til å ikkje berre gjelda i og rundt skogsmark, men til å gjelda all utmark.

– Her vil eg på sterkaste oppmoda publikum til å ta seg tid til ei risikovurdering før dei tenner opp grillen eller eit bål, seier Gjøsund. Seinast i går hadde eg ein mann på telefonen som lurte på å tenna bål i skogen saman med borna. Etter ei risikovurdering saman, fann han ut at turen skulle gå utan bålbrenning.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Brannsjefen har òg eit tips til dei som skal driva med hus, hytte og hage i påsken;

– Ikkje slepp vegetasjonen heilt opp til hus- eller hytteveggen. Har du ei «branngate» mellom vegetasjonen og bygningen, kan dette vera avgjerande i ein situasjon med brann i terrenget.

– Har du tenkt å driva med bålbrenning eller brenning av gammalt gras; ta ei god risikovurdering først – og hugs å melda i frå til oss. Publikum er flinke til å melda i frå om røykutvikling, og då er det jo greitt om vi allereie veit kvifor, avluttar Gjøsund.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -