Jostein Sydnes var ein av dei ansvarlege for innsamlinga i Nordbygdo. Her saman med gode hjelparar, f.v. Snorre, Live og Viljar. Foto: Andrea Marie Gundersen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det strålande haustvêret førte til god uttelling for gårsdagens TV-aksjon. Næringslivet viste verkeleg givarglede under årets aksjon.

Totalt vart det samla inn 872.369 kroner frå Stord under gårsdagens TV-aksjon som var til inntekt for Unicef sitt arbeid for å gi utdanning til barn råka av krig og konflikt.

Det er eit nivå som ligg ganske på snittet i høve til andre kommunar i landet, men det er det høgste summen som er samla inn på Stord dei siste fem åra.

God stemning

– Det var veldig mange som møtte opp til innsamlinga. Både i Leirvik-området og i Nordbygdo-området vert det meldt om god dekning. Det var mange som var ute og gjekk og generelt god stemning, seier Jostein Sydnes frå CISV, som var ansvarleg for innsamlinga i Nordbygdo.

Bidraget per innbyggjar på Stord har vore 46,38 kroner, noko som gjer at Stord hamnar på 221. plass av totalt 427 kommunar, og på ein 20. plass av dei 33 kommunane i Hordaland.

- Annonse -
- Annonse -

Men på eitt punkt har givargleden verkeleg vist att, nemleg hos næringslivet. Heile 38 organisasjonar og bedriftar på Stord gav pengegåver til årets TV-aksjon, som er det dobbelt så mange som dei seinare åra.

- Annonse -

Stor auke

Totalt samla næringslivet inn 121.298 kroner til TV-aksjonen. Det er ca. 40.000 kroner meir enn i fjor, og det dobbelte av nivået frå 2015.

Dei som har gav aller mest var Stord Rotaryklubb, SKL, Spar Haga og W. Engelsen, som alle gav 10.000 kroner kvar. Valvatne Eigedom, Multiconsult, Stordbase og Ingeniør Øyvind Jørgensen gav alle 5000 kroner.

Elles er det vert å merke at Stord Petanqueklubb var den einaste idrettsklubben som donerte pengar. Heile 5.750 kroner samla dei inn gjennom loddsal og donasjonar.

I tillegg til donasjonane frå organisasjonar og næringsliv så donerte Stord kommune 1,50 kroner per innbyggjar, og Stord Ungdomsråd donerte heile 14.000 kroner.

- Annonse -