Administrerande direktør Helge Gjøsæter. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Det byrjar å bli tynt i ordreboka på Leirvik AS. Men administrerande direktør Helge Gjøsæter trur ikkje dei vil koma til å nytta permittering i stor utstrekning.

– Me er inne i ein bølgjedal no. Då gjeld det å finne alternativ sysselsetjing fram til eit nytt stort prosjekt, seier Gjøsæter.

Leirvik AS vart i vår ferdig med bygginga av bustadkvarteret til Johan Sverdrup-plattforma. Gigantjobben var den største kontrakten til verftet nokon gong.

No er fokuset fullt og heilt på ferdigstillinga av bustadkvarteret til den brasilianske plattforma Peregrino II for Equinor. Eit prosjekt som er mykje mindre i målestokk, men som er strategisk viktig for at Leirvik skal sikre seg fleire kontraktar globalt.

Men Peregrino-bustadkvarteret skal vere ferdig installert i juli, og blir skipa ut i oktober. Utanom dette er det mindre prosjekt som pågår.

Frå markeringa av produksjonsstarten av Peregrino 2-bustadkvarteret på Leirvik AS vinteren 2018. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Den store etterspurnaden etter fagfolk gjer likevel at Leirvik-direktøren trur verksemda kjem seg gjennom bølgjedalen utan permitteringar.

- Annonse -

– Per i dag har me vel 60-70 ingeniørar og operatørar som er utleigde, både til Kværner og til industrien rundt om.

– No held me mellom anna på med å byggje båtseksjonar for Oma Baatbyggeri i hallane våre, men det er ikkje snakk om store volum. Me har òg ei stor og veksande modifikasjon- og vedlikehaldsavdeling, som jobbar hovudsakleg offshore, seier Gjøsæter.

Ei røynd industribedrift som Leirvik har god erfaring i å omstille seg frå periodar med svært intensivt arbeid til bølgjedalar slik som no. Ved å bruke mykje innleige i travle periodar unngår ein dei verste konsekvensane.

– Me har nytta oss av ein stor del innleigd personell.  Me også hatt ein del naturlege avgangar som gjer at me slepp permitteringar.

– Trur du det blir noko ny kontrakt i nær framtid?

– Jau då, me er alltid optimistar. Me har ute ein god del tilbod. Både mindre modular og større prosjekt. Me er og inne og ser på fleire løysingar internasjonalt. Då blir Peregrino ein viktig referanse.

- Annonse -