Her blir "Bastøy II" slept i sneglefart inn mot ferjekaien på Halhjem. Foto: tipsar
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tilsette på norske ferjer er svært bekymra for passasjerane sin tryggleik om bord. – I ein krisesituasjon er me sjanselause, seier fleire.

Dette kjem fram i ein fersk rapport som konsulentselskapet Safetec har gjort på vegner av Sjøoffiserforbundet, Sjømannsforbundet og LO, og som Nettavisen har fått tilgang til.

I følgje rapporten svarar fire av ti ferjetilsette at det er usannsynleg eller svært usannsynleg at dei vil klare å sløkke ein brann om bord på ferja. Fleire oppgir at dei har liten tiltru til beredskapsplanane som er utarbeida for krisehandtering.

Samtidig oppgir enkelte av skipsførarane at dei berre har fire tilsette til å evakuere nær 300 passasjerar.

– Ved ein fullskala øvelse, kanskje med eit besetningsmedlem ut av drift, så vil heile systemet kollapse heilt, seier ein kaptein, i følgje Nettavisen.

Ein skipsførar seier han er særleg redd dersom det skulle vere tankbilar med diesel, bensin eller gass om bord ved ein brann. Det vil kunne resultere i eksplosjonar med «store øydeleggingar og tap av liv», heiter det i rapporten.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det er ofte fylkeskommunane som har ansvaret for anbodsprosessane der det blir bestemt kven som skal operere dei ulike ferjerutene. Ein representant frå ein fylkeskommune seier i rapporten at dei ikkje legg seg bort i kva andre etatar seier om tryggleiken, men er oppteken av best mogleg pris.

Dei ferjetilsette meiner Sjøfartsdirektoratet godkjenner i for stor grad planar med få tilsette på større ferjer. Men det avviser direktoratet.

– Tryggleik har hovudfokus hos oss, og passasjerar har all grunn til å kjenne seg trygge om bord på norske ferjer. Me gjer svært mange tilsyn om bord på ferjer kvart einaste år, og funna er generelt gode, seier Håvard Gåseidnes i avdelinga for fartøy og sjøfolk i Sjøfartsdirektoratet.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -