Stord vidaregåande skule. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Partane er samde i at det er ei god løysing at kommunen overtek bygningsmassen til Stord vidaregåande. Men når det gjeld prisen står dei langt frå kvarandre.

I fjor haust starta Stord kommune og Hordaland fylkeskommune dialog om overtaking av Stord vidaregåande skule. Bakgrunnen er at fylkeskommunen skal bygge ny skule på Vabakken.

Ordførar Gaute Epland (Ap) tok då initiativ til å sjå på moglegheit til å overta bygninga på Saghaugen for å flytte Leirvik skule dit. Då vil Stord vidaregåande skule kunna samlokalisere heile skuledrifta i ein felles bygning på Vabakken.

Står langt frå kvarandere

Drøftingane er no godt i gang, og kommuneadministrasjonen har hatt to møte med fylkeskommunen i januar.

Men sjølv om begge partane er samde i at ei overtaking vil vere ei god løysing for begge, så er usemja når det gjeld pris såpass stor at det ikkje var grunnlag for å gå vidare med ein intensjonsavtale.

– Partane kom ikkje til semje om pris for eigedomen. Stord kommune har heller ikkje midlar til kjøpet i gjeldande skulebruksplan eller økonomiplan, står det i referatet.

- Annonse -

Stord kommune og Hordaland fylkeskommune har henta inn kvar sin takst for
skuleanlegget. Stord kommune sin takst legg til grunn ei omsetnadsverdi på 23,5 millionar i den opne marknaden, medan fylket sin takst vurderer prisen til å vere 33 millionar kroner.

Vil ha 80 millionar for skulen

Hordaland fylkeskommune har fått takstvurdering av skulen og tomta på Saghaugen, der marknadsprisen er berekna til 80 millionar kroner. Fylkeskommunen vil difor ikkje selje til kommunen for mindre enn 80 millionar kroner.

– Ved sal av Saghaugen vil fylkeskommunen samlokalisera den vidaregåande skulen på Vabakkjen. Dette vil føra til auka investeringskostnadar, som fylkeskommunen ikkje har lagt inn i skulebruksplan eller økonomiplan. Dette bidreg og til avstanden mellom partane.

– Rådmannen var i utgangspunktet innstilt på å tinge med utgangspunkt i marknadstakst,
men var langt i frå fylkeskommunen sitt forlangande på 80 millionar kroner, skriv Stord-rådmannen.

Dette betyr likevel ikkje at saka er lagt død. No er det politikarane på Stord som må avgjere om ein skal gå vidare med å arbeide fram ein intensjonsavtale med fylkeskommunen.

I tillegg til kjøpssummen, så er det rekna at kostnadane knytt til ombygging, for å gjere skulen om til ein barneskule, vil vere på om lag 25 millionar kroner. I tillegg kjem kostnad med opparbeiding av uteareal på nær 10 millionar kroner.

Leirvik skule. Foto: Stord kommune

Kan tene 20 mill. på Leirvik skule-tomta

Men Stord kommune kan også få økonomiske fordeler av skulekjøpet.

Rådmannen viser til at det store arealet i bygget opnar for at fleire kommunale tenester blir samla i eigen bygningsmasse, noko som reduserer Stord kommune sine kostnadar til arealleige i den private marknaden.

Takstmann Jens Tore Engevik har i samband med saka takstert Leirvik skule-eigedommen, og han er ikkje i tvil om at tomta er gull verdt for kommunen.

– Beliggehteita på arealet er unikt. Blir dette lagt ut til bustadføremål hadde det utan tvil sett nye prisrekordar for kommunen. Arealet er såpass stort at fleire store utbyggarar hadde vore interessert ved ei eventuell bodrunde, skriv Engevik.

Han meiner ein forsiktig marknadsverdi på eigedommen er 19 millionar kroner. Kostnaden ved å rive gamle Leirvik skule er vurdert til i underkant av 6 millionar kroner.

- Annonse -