Tor Jæger Koppang (t.v.) i Utdanningsforbundet er skuffa over Stord-budsjettet. Foto: Utdanningsforbundet
- Annonse -

Årsmøtet i Utdanningsforbundet Stord er uroa over situasjonen i Stord-skulen med mange store klassar.

Det er ikkje uvanleg at elevar heilt ned på 1.trinn går i klassar med inntil 26-28 elevar. Sjølv med ekstra midlar til tidleg innsats bevilga av regjeringa, er utfordringa med store klassar store. GSI-tal viser no at Stord kommune ikkje har nytta meir enn om lag 40prosent av desse midlane til det ein skulle.

All forsking syner at læraren er skulen sin viktigaste ressurs, og tett oppfølging av elevane er avgjerande for å skape ein god skule og eit godt læringsmiljø for barn og unge. Likevel får stadig fleire elevar undervisning i stadig større klasser.

Det er ei sentral politisk målsetting for norsk skule at alle elevar har rett på likeverdig opplæring. Ein naudsynt, om enn ikkje tilstrekkeleg, føresetnad for å nå dette målet er at alle skular har eit minimum av lærarressursar som står i høve til elevtalet.

Utdanningsforbundet meiner at ei nasjonal minstenorm for lærertettleik må gjelda på skulenivå. Med lærertettleik meiner me forholdet mellom gjennomsnittleg antall elevtimar og lærartimar til ordinær undervisning, også kalt for Gruppestorleik 2. Me meiner det skal vera:

  • Maksimalt 15 elevtimar per lærartime på 1.-4. trinn
  • Maksimalt 20 elevtimar per lærartime på 5.-10. trinn
  • Maksimalt 24 elevtimar per lærartime i studieførebuande program i VGO
  • Maksimalt 12 elevtimar per lærartime i yrkesfaglege program i VGO

Utdanningsforbundet sitt forslag tilsvarar omlag det garanterte minstenivået alle norske grunnskular hadde inntil 1985, med noko forbetring for småskuletrinnet. Når me hadde råd til ein slik garantert lærertettleik for over 30 år sidan, må me ha råd til å gje norsk skule og norske elevar det same i dag.

- Annonse -

Medan me ventar på at sentrale styresmakter skal gjera naudsynte grep for å sikra eit likeverdig skuletilbod over heile landet må Stord kommune gjera sitt for å sikra eit godt skuletilbod for alle elevar på Stord.

Utdanningsforbundet Stord har over fleire år peika på utfordringane store klassar gjev stordskulen. Dette må no fylgjast opp av den styrande koalisjonen på Stord.

Årsmøtet i Utdanningsforbundet Stord krev:

Stord kommune må innføre norm om at det skal vera to pedagogar på 1. trinn når det vert 18 elevar eller meir i klassen/gruppa!

Stord kommune må innføre klassedelingstal på 25. Saka må greiast ut og ein må lage ein opptrappingsplan i høve til korleis ein skal styrke lærartettleiken i stordskulen.

Tor Jæger Koppang
leiar, Utdanningsforbundet i Stord

 

- Annonse -