Elin Mariboe, er biblioteksjef på Stord. Foto: Stord folkebibliotek/Visit Sunnhordland
- Annonse -

DEBATT: Reisetida frå Sunnhordland vil bli meir enn fordobla, fryktar biblioteksjefane i regionen.

Vestland bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune er viktig for alle biblioteka i fylket, og spesielt for dei minste biblioteka som kan ha ekstra behov for støtte i arbeidet med å skape gode bibliotektenester. Me er bekymra over forslaget om å samle Vestland bibliotekutvikling i Førde.

Fleire av dei mindre biblioteka ligg i søre delen av fylket, og om Vestland bibliotekutvikling blir samla berre i Førde, vil det bli veldig lang reiseveg for mange. Til dømes er det ei heil dagsreise med personbil mellom Sveio bibliotek og Førde (minst 6,5 timer), mens det berre er tre timar til Bergen. Det vil seie at om Vestland bibliotekutvikling vert samla i Førde,
vil reisetida frå Sunnhordland i sør bli meir enn fordobla og vanskeleg kunne gjennomførast utan overnatting. Dette er ei veldig uheldig utvikling. Det krev at alle kommunar i Sunnhordland må få styrka budsjetta sine for å kunne delta på samlingar som vert lagt til Førde, noko som neppe vil skje, då kommuneøkonomien er pressa i fleire av kommunane.

Reiseavstandane er like lange andre vegen. Om Vestland bibliotekutvikling blir samla i Førde, må ein kunne forvente at dei får auka reisebudsjett, slik at dei framleis kan ha kurs og møte i Sunnhordland/Bergen. Geografisk nærleik mellom biblioteka i regionen og bibliotekutvikling Vestland er særs viktig, sjølv med Teams og andre digitale verktøy. Om kontakten blir redusert grunna reiseavstand, vil det vere til skade for dei allereie pressa folkebiblioteka.

Fylkesordførar Jon Askeland viser i Firda (07.05.22) til intensjonsavtalen i fylkessamanslåinga som seier at “fylket skulle vere ein desentralisert organisasjon, som på same tid var både effektiv og som lente seg framover”. På regionsnivå vil flyttinga av arbeidsplassar frå Bergen til Førde kunne reknast som ei desentralisering. I praksis er det ei sentralisering, som truleg vil gje biblioteka i tidlegare Hordaland svekka fagleg bistand. Ein skal sjølvsagt sjå etter effektive driftsløysningar, men me ser ikkje at denne flyttinga gir grunnlag for betre tenester.

Me opplever at tenestene fungerer bra slik det er i dag, med delt tenestestad mellom Bergen og Førde. Me forstår at ei samlokalisering kan ha positive sider, men me fryktar at Vestland bibliotekutvikling vil miste mykje kompetanse om arbeidstakarane som bur i Bergen må flytte tilFørde. Me er ikkje trygge på at denne kompetansen blir erstatta om ein
må finne nye tilsette busette i nord.

- Annonse -

Me ber om at fylkespolitikarane revurderer avgjersla om at Vestland bibliotekutvikling skal samlast i Førde, og i staden lar situasjonen vere som den er, med eit godt tenestetilbod både for biblioteka i sør og biblioteka i nord.

Av: Elin Mariboe, biblioteksjef i Stord,
Mats Løve Gjersvik, biblioteksjef i Tysnes,
Trude Hege Bergesen, biblioteksjef i Kvinnherad
Kristine Thorkilsen, biblioteksjef i Sveio,
Signe Ytrøy, fungerande biblioteksjef i Bømlo,
Elena Linn Beardy, leiar NBF Vestland

- Annonse -
Forrige artikkel– Alt gjer at det blir vanskelegare
Neste artikkelEin av ti elevar på vidaregåande har eteforstyrringar
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no