Eivind Gullberg Jensen. Pressefoto
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eivind Gullberg Jensen blir ny operasjef i Bergen Nasjonale Opera.

Nytilsettinga vart kunngjort på ein pressekonferanse i Grieghallen i Bergen tysdag.

47-åringen som er oppvaksen på Stord er ein av Norges mest anerkjende dirigentar, med ei imponerande internasjonal merittliste.

Firebarnsfaren ser fram til å jobbe i Bergen og bruke mindre tid på reising.

– Eg er veldig glad i opera, men det er lite familievennleg å jobbe med det. Difor var det eit lukketreff å bli spurt om å jobbe med opera i min eigen heimby, seier Jensen til Bergens Tidende.

- Annonse -

Stordabuen konkurrerte med 43 søkjarar om den ettertrakta jobben. Søkjarane kom frå heile verda.

- Annonse -
- Annonse -

Sjølv om Gullberg Jensen går inn i den nye jobben skal han ikkje leggje dirigentstokken heilt på hylla.

– Ein operasjef kan ikkje sitje på kontoret heile tida. For meg blir det å kobinere reisane eg gjer som dirigent med å sjå operaer og orientere meg, seier han til avisa.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -