Brenda Mata (t.v.) og Hanne Førsund Larsen fokuserer på redesign i utstillinga dei skal ha saman i Kulturhuset. Foto: privat
- Annonse -

Kunstnar Brenda Mata og kunsthandverkar Hanne Førsund Larsen opnar i dag utstilling av bilete og smykke i Stord Kulturhus.

Eitt av kunstverka til biletkunstnar Brenda Mata. Foto: privat

Begge kvinnene er busett på Stord, og er naboar i Hillarhaugen. No har dei bestemt seg om å gå saman for å stille ut verka sine.

Brenda Mata er industridesignar og kunstnar og kjem frå Mexico. Ho jobbar med ulike teknikkar og materiale som ofte er resirkulert, blant anna plastemballasje, tapet og gipsplatar.

– Eg likar å blande ulike materialer, for då får eg større djupne og meir tekstur på bileta. Slik får eg veldig unike mønster som gjer at folk lurer på korleis eg har fått det til, seier Mata.

Kjøper deler på nett

Hanne Førsund Larsen er ein kunsthandverkar og kjem frå Stavanger. Ho lagar smykke av vintage smykkemateriale og ting som til dømes klede og skoclips.

Eitt av smykkedesigna til Hanne Førsund Larsen. Foto: privat

– Smykka mine er ein blanding av resirkulering og redesign. Eg kjøpar mange av delane på auksjonar på Ebay og andre stadar på nettet, seier Larsen.

- Annonse -

– Eg tenkjer at eg er litt norstagisk av natur, og elskar gamle kostyme og klede. Og så er det jo miljøvenleg også. Det er ein fin kombinasjon, seier ho.Den raude tråden i utstillinga er fokus på redesign på mange ulike måtar.

Utstillinga opnar i dag kl. 17, og finn stad i kunsthallen i kjellaren i Kulturhuset. Utstillinga vil vere open heile helga, til og med søndag.

PS: Biletekunstnaren i denne saka, Brenda Mata, er gift med redaktøren i Stord24. 

- Annonse -