Angunn Bårdsen og Kjell Nesbø. Foto: Ingrid Hovstad
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fitjar Arbeidarparti valde Kjell Nesbø (72) som sin toppkandidat til haustens kommunestyreval.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

Kjell Nesbø satt som ordførar i Fitjar frå 1988 til 1991. Sidan trakk han seg ut av politikken for å jobba i Stord kommune. Der har han hatt fleire leiande stillingar i den tekniske sektoren av kommunen.

– Soleis har eg gode kjennskap til offentleg forvaltning, i tillegg til politisk erfaring, fortel Nesbø.

No er han pensjonist, og vender tilbake til politikken. Han sa først berre ja til å stilla på lista.

– Ja, og so kom spørsmålet om eg ville stå høgt oppe, og for rundt 14 dagar sidan kom spørsmålet om eg ville stilla på topp. Det var noko eg litt tvilande sa ja til, men eg takkar for tilliten, fortel Nesbø.

Skule og vindmøller

- Annonse -
- Annonse -

Han legg ikkje skjul på at nokre kanskje ser på han som litt kontroversiell.

- Annonse -

– Eg vil det beste for Fitjar, og me er godt i gong med programmet vårt til årets val. Partiet bestemmer programmet, og det er dei som vel kva me skal kjempa for eller i mot, fortel Nesbø.

Han fortel at skule og pleie og omsorg vert viktige sakar framover.

– Eg er glad Arbeidarpartiet snudde i saka om krinsskulane. Elles vil Fitjar Ap snart markera at me er i mot vindmøller på Grønafjellet, seier Nesbø.

Han håpar at Fitjar Ap gjer eit godt val til hausten, og satsar på minst like mange inn i kommunestyret som ved denne perioden.

Heile lista til Fitjar Ap ser slik ut:

  1. Kjell Nesbø 1947
  2. Angunn Bårdsen 1960
  3. Ole Andre Westerheim 1991
  4. Ann Helen Eide Helland 1960
  5. Terje Aleksandersen 1963
  6. Kjell Aleksander Skogsrud 1984
  7. Sondre Nesbø Aarland 1996
  8. Ida Marlen Havn 1985
  9. Roger Nesbø 1965
  10. Kjerstin Nøtland 1967
  11. Bente R. Koløen 1974
  12. Tore Nesbø 1961
  13. Amalie Nesbø 1995
  14. Kjell Magnar Helland 1960
  15. Gunn Marit Søreide 1964
  16. Tore Sigurd Fitjar 1963
  17. Ørjan Søreide Nordvang 1996
  18. Karl Magne Engesund 1981
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -