Fungerande verftsdirektør ved Kværner Stord, Terje Johansen. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Fungerande verftsdirektør ved Kværner, Terje Johansen, reagerer på at NVE ikkje vil greie ut kva sjøkabelen NorthConnect vil ha å seie for Kværner.

For to år sidan skreiv Stord24 om skepsisen Kværner har til den omdiskuterte sjøkabelen som er planlagt mellom Norge og Storbritannia. Selskapet sendte då ei høyringsuttale til NVE der dei ba om konsekvensutgreiing.

Kværner peika på fire konfliktområde der den planlagde kabelen skal gå. Dette er sjøområdet frå verftet mot Klosterfjorden, sjøområdet utanfor Eldøy/Kjøtteinståa, det grunne området rundt øya Hille ved Halsnøy og Digernessundet.

I desember sendte NVE sine vurderingar til regjeringa. Her går det fram at NVE avviser behovet for konsekvensutgreiing for kva kabelen vil bety for Kværner. Dei baserer dette på at det er blitt gjennomført møte mellom Kværner og NorthConnect.

– Stiller oss undrande

Dei raude felta markerer områda der Kværner fryktar sjøkabelen vil skape konflikt.

Dette reagerer fungerande verftsdirektør Terje Johansen på.

– Kværner stiller seg også undrande til at NVE i sakshandsaminga ser ut til å leggja til grunn at Kværner sine innvendingar er ivaretatt aleine basert på informasjon frå NorthConnect og utan at dette har blitt direkte avklart med Kværner, skriv Johansen i eit brev til NVE.

- Annonse -

Johansen understreker viktigheita for sjøområda som er i konfliktsona med kabelen.

– Det er viktig å understreka, slik det vart gjort i høyringsuttalen, at sjøområda rundt Kværner sitt verft på Stord er eitt av verksemda sine viktigaste konkurransefortrinn, og ein viktig føresetnad for å kunne gjennomføre mange av dei store prosjekta Kværner leverer.

Fryktar mange konsekvensar

Han understreker at Kværner sålangt ikkje har nok kunnskap til å slå fast om sjøkabelen vil ha direkte kosekvensar for arbeidet Kværner skal gjere.

– For Kværner sitt vedkomande framstår det framleis uvisst i kva grad sjøkabelen langs den planlagde traseen vil kunne ha negativ påverknad for framtidige til å gjennomføra oppankring, nedsetting av strukturar og andre store marineopersjonar.

– Det framstår også uvisst kor vidt nye restriksjonar vil kunne medføra forseinkingar eller auka kostnader i framtidige prosjekt. Det er difor framleis Kværner sitt syn at konsekvensane tiltaket har for vår næring må utgreiast, skriv Johansen.