Stig Helge Westerheim kom på førsteplass på løp i Sandsjöbacka Trail i Sverige: Foto: Sandsjöbacka Trail
- Annonse -

– Eg er djupt imponert over sigeren og prestasjonen til Stig Helge Westerheim, seier ultraløper Peter Tubaas.

I helga gjekk Sandsjöbacka Trail av stabelen i Sverige. Deltakarane skulle tevle om kven som klarte å tilbakeleggje svimlande 178 kilometer på beste tid.

Løpet blei halde rundt naturreservatet Sandsjöbacka, og deltakarane kom i mål i Gøteborg søndag.

Vinnaren blei ingen ringare enn Stord-løpar Stig Helge Westerheim, som brukte 27 timar på å tilbakelegge distansen, som tilsvarar omtrent tre gonger rundt Stord-øya i terreng.

Det har ikkje lukkast Stord24 å kome i kontakt med vinnaren søndag, men den lokale ultraløparen Peter Tubaas, som arrangerer Bømla ultramarataon, seier følgjande i ein kommentar:

– Eg er djupt imponert over sigeren og prestasjonen til Stig Helge. Det skal eit sterkt hovud og en sterk kropp til å tåle 27 timars springing og gåing i regn, mørke og gjørme mykje av tida.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tubaas opplyser at det som gjorde løpet ekstra krevjande var at deltakarane sjølv måtte navigere etter eit GPS-spor.

– I praksis sprang dei fleste mellom 175 og 180 kilometer med feilspringing, seier Tubaas.

Det var om lag 30 påmelde til ultraløpet. Sistemann kom i mål heile seks timar etter Westerheim..