Myklebust trur mange faktorar spelar inn på den kraftige vekstein i trafikkutvikling ved Stord Lufthamn. Foto: Stordflyet.no
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stordflyet melder om nær 50 prosent vekst i talet på passasjerar samanlikna med fjoråret.

Stord Lufthamn har jamt over hatt ei auke i talet på passasjerar det siste året. Førre månad var heller ikkje eit unntak.

Ved utgangen av november hadde 34 200 personar nytta seg av Osloruta. Dette tilsvarer ei auke på heile 10 800 personar, eller 46 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Også i januar og februar i år hadde Stordflyet ein passasjervekst på nærare 50 prosent. I oktober blei det lagt til rette for ein ekstra rotasjon på fredagar og søndagar, og i dag er det totalt 13 rotasjonar per veke frå Sørstokken.

Flyplassjef Jan Morten Myklebust. Foto: Magne Langåker

Blant dei beste åra

2018 ligg derfor an til å bli eit godt år for Osloruta, ifølgje flyplassjef Jan Morten Myklebust.

– Eg har ikkje oversikten her, men 2018 blir nok eitt av dei beste åra me har hatt, stadfestar han.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Grunnen til passasjerveksten er todelt.

– Fleire private vel å nytte seg av Stordflyet på bakgrunn av konkurransedyktige prisar og auka frekvens. Aktiviteten på Kværner bidrar dessutan til at fleire forretningsreisande nyttar seg av flyet.

Mange reiser i jula

Myklebust trur heller ikkje trafikken kjem til å bli mindre mot jul, trass i at halvparten av passasjerane er forretningsreisande for store offshorebedrifter.

– Trafikken aukar opp mot jul, og folk bør vere tidleg ute om dei enno ikkje har sikra seg flybillett, seier han.

- Annonse -