Lanserte sin nye vårkolleksjon av litografiar på Galleri Giga i helga. Foto: Vindblikk
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ho blei funne som spedbarn i Bangladesh, og adoptert til Norge som eittåring. Sidan har Gro Mukta Holter (43) alltid vore nyfiken på livet.

– Bakgrunnen min har prega kunsten i den grad at eg aktivt brukar nysgjerrigheita som ein inngangsport til å sjå og vere oppmerksam på andre. Korleis folk endar opp med å bli den dei er, kor livet fører oss. Det er liksom den rørsla og rytmen i livet som inspirerer meg, seier den Oslobaserte kunstnaren.

Laurdag var ho til stades på Galleri Giga for å lansere sin nye vårkolleksjon av litografiar.

Med 17 måleri og 30 grafikkar til utstilling, sterke fargar i blåtonar og ei barnleg, naturinspirert tilnærming, var det ingen tvil om at publikum let seg begeistre av både bileta og livshistoria til Holter.

Dei små augneblinka

– Utstillinga viser på ein måte eit snitt av naturkretsen eg jobbar med, og som eg har jobba med i veldig mange år no. Det er snakk om menneske i natur, menneske som er på veg mot noko ukjent, rørsler, kjensler knytt til naturen. Men det handlar også om å fange dei små augneblinka i tilværet, forklarer Holter.

– Bileta dine tar utgangspunkt i barn. Kva ynskjer du å formidle gjennom barna?

- Annonse -

– Det er jo her livet startar. Det er her ein oppdagar eg-et, vår indre stemme og omgivnadane rundt. Det er viktig å lytte til barn. Viss ein gjer dette vil ein få nokre fantastiske opplevingar. Det er dette eg forsøker å oppnå. Å attskape desse augneblinka gjennom eit barns auge.

– Det er viktig å lytte til barn, meiner kunstnar Gro Mukta Holter. Her ser du eitt av fleire bilete som hang på utstilling under opninga. Foto: Vindblikk

Å leve i «nuet»

– Eg tenkjer at vaksne gjerne har ein tendens til å fjerne seg frå entusiasmen som eit barn kanskje har. Jo eldre ein blir, jo meir lærar ein seg korleis ein skal tenkje og oppføre seg. Barna i motiva mine er dei som stiller spørsmål, og som representerer den reine tanken og medvitet om å vere her og no, seier ho.

Gro Mukta Holter er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo, og har lang erfaring med offentlege utsmykkingar og installasjonar. Ho kan også vise til ei rekke designprosjekt både internasjonalt og nasjonalt.

Men historia til Holter er likevel ikkje som andre kunstnarar si historie.

Alle har ei historie

Som spedbarn blei ho funnen utanfor eit tempel i Bangladesh og adoptert til Nøtterøy utanfor Tønsberg. Kunstnaren har aldri fått vite noko om opphavet sitt eller gena sine i etterkant.

Og ifølgje ho sjølv har ho heller ikkje eit behov for å gå tilbake til dette.

– Men det har nok ført til at eg er veldig nyfiken på livet og andre menneske. Alle har ei historie. Så har eg lært meg at livet ikkje er ei sjølvfølgje. Ingenting er sjølvsagt.

Tilgjengeleg kunst

Sjølv om Holter ikkje er ny i kunstverda, er det første gang ho vitjar Galleri Giga på Stord. Dette til stor glede for gallerist Nina Lovise Langeland.

– Me har fått stor og god respons på bileta hennar her på Stord, og hadde lyst til å hive oss rundt og invitere ho til ei utstilling. Mange har sett grafikkane hennar tidlegare, men ikkje så mange har fått sjå dei store, flotte måleria, opplyser Langeland.

– Det er veldig kjekt at folk no kan få sjå utstillinga hennar som heng i utstillingslokalet, samstundes som ein kan kjøpe grafikkane hennar rett frå vegg i grafikkrommet. Det er ein fin måte å gjere kunst tilgjengeleg for alle på, uansett kva budsjett og areal dei har.

Fire av bileta i utstillinga skilde seg ut i form av sterkare og varmare fargar. Desse blei hengande i vinduet på utstilling til alle forbigåande. Foto: Vindblikk

Stort program i vente

«Nye» Galleri Giga vart opna for eit halvt år sidan, og har hatt fleire prosjekt på gong dei siste månadane, med boklanseringar, teikning, installasjon og monotypi på tapetet. Langeland kan fortelje at galleriet kan by på fleire spanande utstillingar utover våren.

– No har me Gro fram til byrjinga av juni, etter dette skal Høgskulen på Vestlandet vere hos oss ei lita veke og arbeide med performancekunst. Deretter kjem ei ny separatutstilling med Nico Wideberg. I somar arbeider me med å få på plass ei kollektivutstilling med blant anna Øyvind Hjelmen, Lena Walton Herfindal og kanskje nokre overraskingar frå utfor landegrensene.

– Det er viktig for oss å vise mangfald i kunstverda og difor høver det svært godt for oss å  no få vise fram måleri. Utstillinga til Gro legg seg fint inn i rekka etter alle desse fine og ulike kunstformene, seier Langeland.

- Annonse -