Foto: Wikimedia Commons
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord er blant kommunane i Hordaland med størst auke i personar med betalingsproblem.

Det er inkassoselskapet Lindorff som kjem med ferske tal for kor mange som har betalingsmerknadar i siste kvartal i fjor.

Tala syner at det på Stord var ei auke på 5,2 prosent. Den einaste kommunen med høgare auke er Fjell kommune, med 7,9 prosent auke. Det er difor mykje som tyder på at auken har ei direkte samanheng med arbeidsløysa og økonomiske nedgangstider, då det er Fjell som også har høgst arbeidsløyse i Hordaland.

Oljekrisa

– Utviklinga i Hordaland må sjåast i samanheng med at arbeidsmarknaden vart råka av fallande verksemd i oljesektoren. Det har resultert i aukande arbeidsløyse. Over tid fører dette til at fleire hushaldningar får problem med å betale rekningane sine, seier analytikar Morten Trasti i Lindorff i pressemeldinga.

På Stord var det ved årsskiftet 734 personar med betalingsmerknader. Det tilsvarar heile 5,1 prosent av befolkninga. Ei betalingsmerknad kjem etter fleire ubetalte inkassokrav, og kan mellom anna gjere det vanskeleg å få bil- og bustad- og kredittlån, ifølgje Lindorff.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fleire saker hos politiet

Trenden med at fleire på Stord slit med rekningane er også noko politiet har fått merke. Etter at inkassoselskapa som Lindorff ikkje lukkast med å krevje inn pengar, er det politiet som kjem på banen.

Stord lensmannskontor har meldt om ei sterk auke i saker der folk ikkje kan gjere opp rekningane sine, og der politiet må foreta tvangsinnkrevjing. I fjor hadde Stordpolitiet heile 2800 slike saker på bordet, noko som var ein auke på rundt 400 saker frå året før.

Stord-lensmann Roald Raunholm sa til Stord24 at politiet ser utviklinga som ein direkte samanheng med den høge arbeidsløysa.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -