Entreprenør og politi vart sendt til staden.
Bømlafjordtunnelen blei i 11-tida måndag stengt for trafikk. Først var årsaka sagt at det låg steinar i vegbanen.
Seinare vart dette retta til isopor og ikkje stein.
Då entreprenøren var på veg til staden, oppsto det ei ny hending i tunnelen.
– Samtidig har det havarert eit vogntog i høgre felt, ca. 100 meter før utgangen i Sveio, melder Vegtrafikksentralen.
Tunnelen vart opna att etter ein halvtime, men med redusert hastigheit.