Stord sjukehus. Foto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Leiinga i Helse Fonna har søndag vedteke å stengje Stord sjukehus for besøkande inntil vidare.

Besøksforbodet har umiddelbar verknad, og kjem som eit resultat av den lokale smittesituasjonen i Stord kommune.

Laurdag kveld meldte Helse Fonna at Stord sjukehus har fått sin første koronapasient på eit halvt år.

– Talet på smitta i Stord har vore sterkt aukande siste veka, og dette har ført til restriksjonar også i nabokommunar. Blant anna har Bømlo kommune innført mellombels besøksforbod på Bømlo bu- og helsesenter, etter at ein elev som hadde praksis her før helga fekk påvist Covid 19, opplyser kommunikasjonssjef ved Helse Fonna, Magne Kydland.

Dette har ført til at fleire pasientar og tilsette ved aldersheimen er i karantene.

Både Stord kommune og Bømlo kommune gjekk fredag ut og oppmoda innbyggjarane om å halde seg mest mogeleg heime på fritida, men førebels er det ikkje innført restriksjonar når det gjeld planlagde arrangement.

- Annonse -