Dagleg leiar i Engelsen Anlegg, Torodd Olsen. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Grunna vass- og avlaupsarbeid i samband med oppføringa av Meierikvartalet vil vegen gjennom sentrum bli heilt eller delvis stengt i to veker.

I to veker frå og med måndag 6. november vil Sævegen/Vikabrekko bli stengt ved Osen-kvartalet grunna omfattande vegarbeid.

Første veka vert vegen delvis stengt, med eitt køyrefelt ope for sørgåande trafikk, og omkøyring for nordgåande trafikk via Osen og den gamle busshaldeplassen.

Men den påfølgande veka, veke 46, blir vegen hermetisk lukka for sørgåande trafikk. Det vert framleis omkøyring for nordgåande trafikk via Osen, men det blir ingen passasje for trafikken i sørgåande retning.

All trafikk i denne retninga er naudt å køyre om via E39, med unntak av utrykkingskøyrety som får høve til å køyre via Osen. Det vil bli lag til eit ekstra køyrefelt i Osen, slik at det blir passasje for to køyretøy i breidda

Det er Fronta Maskin som skal utføre arbeidet.

- Annonse -

– Det er eit ganske omfattande arbeid som skal gjerast, men me har prøvd å minimere arbeidet til det me kan, seier dagleg leiar i Fronta Maskin, Torodd Olsen.

Årsaka til det omfattande arbeidet er at det trengs betydeleg oppgradering av vass- og avlaupsnettet i samband med bygginga av Meierikvartalet i Osen.

– Det er lagt opp mykje vass- og avlaupsarbeid. Siste del av jobben er no å krysse vegen og koble på røyra på nordsida.

Slik blir køyremønsteret i den andre veka av arbeidet. Sørgåande trafikk må køyre om via E39 og nordgåande trafikk via Hamnegata og Osen.