Steinar Røgenes. Foto: Adrian B. Søgnen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Frå 1. oktober vil stordabuen få utvida ansvar i Kværner, og gå over i ny rolle som ansvarleg for alt prosjektpersonell, ressursar og alle fasilitetar i selskapet.

– I tilknyting til at Kværner ser mot nye marknader og gjer endringar i selskapet si toppleiing, vil Steinar Røgenes frå 1. oktober få utvida ansvar i Kværner, opplyser Kværner i ei melding.

Dermed er det slutt for Røgenes som verftsdirektør på Stord, etter å ha hatt jobben i seks år. Selskapet opplyser at ny verftdirektør vil bli tilsett i nær framtid.

53 år gamle Røgenes blei direktør i 2013 då han tok over etter Lars Eide. Han er i følgje selskapet den lengstsitjande verftsleiaren sidan Arne van der Hagen.

– Han har som leiar av verksemda på Stord spela ei sentral rolle i leveringa av store prosjekt som Eldfisk, Edvard Grieg, Nyhamna og Johan Sverdrup. Det har også i denne perioden blitt gjennomført ei rekkje investeringar på anlegget på Stord, med den pågåande kaiutvidinga som den største, skriv selskapet.

- Annonse -

I den nye rolla vil Røgenes ha det overordna ansvaret for alt personell innan engineering, innkjøp, bygging og ferdigstilling på tvers i Kværner. Han vil også ha ansvar for HR, HMS, kvalitet, IT, plan og metode, i tillegg til eit overordna ansvar for fasilitetane i Kværner, inkludert verfta på Stord og i Verdal.

- Annonse -
- Annonse -

Han vil jobbe med utgangspunkt i hovudkontoret i Oslo, men bruke mykje tid både på Stord og i Verdal.

- Annonse -