Statfjord A blei bygdpå Stord. No er plattformen snart klar for opphugging. Foto: Equinor
- Annonse -

Avisa melder at Equinor vurderer å forlenge livet til plattforma, som Kværner har fått kontrakt på å hugge opp.

Det er Stavanger Aftenblad som måndag skriv at pengemaskinen Statfjord A kanskje kan få forlenga levetid endå ein gong. Det er i såfall niande gong plattforma får nytt liv, der den første planen var å stenge ned plattforma i 1999.

Plattforma var no vedteke stengt ned i 2022, og Kværner Stord fekk tidlegare i år kontrakt på å hugge opp plattforma.

Stavanger Aftenblad skriv at dei er kjent med at Equinor ser på moglegheiter for å forlenge levetida til Statfjord A og resten av feltet.

Den endelege avgjerda skal ikkje ha bli teke, men i følgje avisa blir dei neste vekene avgjerande for om plattforma likevel ikkje skal skrotast i 2022.

Talsperson i Equinor, Morten Eek, vil ikkje kommentere saka overfor avisa.

- Annonse -

Det var i mai i år at Kværner teikna kontrakt med selskapet Allseas for skroting og attvinning av plattforma. Etter planen skulle denne jobben føre til om lag 200 årsverk på Stord frå og med 2023.

– Statfjord A har skapt verdiar og sysselsetjing i fleire tiår. Dette held fram når me startar prosessen som gjer det mogleg å bruke att tusenvis av tonn med høgverdige materialar for framtidige føremål, skreiv Kværner i pressemeldinga.

- Annonse -