Foto: Stiftinga Statsraad Lehmkuhl
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Statsraad Lehmkuhl har lenge hatt eit mål om å få seglskipet ut på jordomsegling. Onsdag tok dei første steget mot å få draumen oppfylt.

I 2021 planlegg «Statsraaden» å gjennomføre si aller første verdsomsegling. Denne veka signerte dei ein intensjonsavtale med Universitet i Bergen (UIB) som første partnar, og er dermed eitt steg nærare ei konkret realisering av planane.

– Det er ein gledeleg dag når me får om bord ein tung og seriøs aktør som UiB som første partnar til å underteikne ein intensjonsavtale for å kunne få til ei verdsomsegling, seier direktør og tidlegare Stordfest-general Haakon Steinar Vatle til UiB.

Vatle fortel til Stord24 at dei har planlagt jordomseglinga i to år.

– Me har jobba i to år for å få interessentar på plass. Me vil ikkje berre dra der for jordomseglinga si skuld. Formålet er å lage ein unik havrapport, der me kjem til å gjere målingar på ting som karboninnhald og mikroplast. Me vil bruke skipet for alt det er verdt, og skape engasjement, seier stordabuen.

Vatle fortel at dei tek utgangspunkt i at jordomseglinga vil ta rundt 18 månadar. Utanom UiB har dei også fått med Havforskingsinstituttet og Bjerknes-senteret i Bergen på prosjektet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Prosjektet har fått namnet State of the Ocean, og har som mål å setje fokus på bærekraftig utvikling i eit globalt perspektiv.

Jordomseglinga er tenkt gjennomført i perioden 2021 til 2023, og blir skipet sin aller første sidan ho blei sjøsatt i 1914.

Dersom jordomseglinga blir ein realitet vil UiB utvikle eigne studieprogram som del av seglasen, skriv UiB.

Tidlegare i år fekk Statsraad Lehmkuhl tildelt 4,2 millionar kroner i støtte av Enova for å bli ei av verdas første seglskuter med batteridrift. Monteringa er venta i slutten av året.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -