Foto: Amalie Sydnes / Stord24
- Annonse -

Mange tok turen til Leirvik i dag for å få med seg flotte Statsraad Lehmkuhl leggje til hamn. Allereie den første halvtimen hadde 100 stykk tatt turen innom skuta.

I tolvtida i dag kom Statsraad Lehmkuhl seglande inn til Leirvik hamn. Mange kom for å få med seg shantysongen i frå mastene og seinare var det fleire som gjekk ombord for å få eit nærare blikk av den kjente seglskuta.

Ingunn Isdal og Egil Isdal var blant dei som trossa vêret og tok turen ombord Statsraaden. Egil jobbar på MS Sunnhordland og syns det er kjekt med liv i båthamna.

– Eg syns Statsraad Lehmkuhl er ei svært flott skute og ikkje minst har det eit kjekt mannskap ombord. Fleire av dei overnatta på MS Sunnhordland då skuta var under reparasjon, fortel Egil Isdal.

Ingunn Isdal og Egil Isdal har det kjekt ombord på skuta til tross for litt regnvêr.
Foto: Amalie Sydnes / Stord24

Wencke Midttun og familien lot heller ikkje vêret stoppe dei frå å ta turen ombord seglskuta denne laurdagen.

– Far min har alltid vore ein stor entusiast for Statsraad Lehmkuhl og eg trur det har gått i arv til meg, ler ho. – Eg har alltid latt meg fascinere over denne skuta, og i dag er første gong eg er ombord, seier ho. Med seg har ho mannen og dei to borna. Dei var like begeistra for å besøke skuta.

- Annonse -

– Vêret kunne sjølvsagt vore betre, men det er likevel kjekt å få med seg slike ting når det skjer, seier Vegard Midttun.

Iris, Wenche, Vegard og Eskild Midttun ombord på Statsraaden. Foto: Amalie Sydnes / Stord 24

 

Dei fleste skipa har no segla frå Leirvik, og «Statsraad Lehmkuhl» blir det siste skipet som kjem til Tall Ships’ Races i Bergen søndag.

Statsraad Lehmkuhl er open for besøk fram til kl 17 i dag.

- Annonse -