Foto: Stiftinga Statsraad Lehmkuhl
- Annonse -

Eitt av dei store trekkplastera til den nedlagte Storfest-festivalen er no klar for neste års utgåve av Tysnesfest.

Bergensarar som tek sikte på å besøke festivalen har høve til å mønstre om bord på Statsraad Lehmkuhl i Bergen heilt festivalstart i Våge.

– Skipet blir liggande som eit nydelig skue midt i Våge frå torsdag til søndag. Fredag 13. juli blir det og mogleg å bli med på eit lite tokt på fjorden, skriv festivalsjef Øystein Vaage i Tysnesfest.

Statsraad Lehmkuhl skal også på tokt til Trænafestivalen i sommar. Skuta figurerte i hamnebassenget i Leirvik ved alle dei tre Stordfest-festivalane på starten av 2000-talet. Tidlegare festivalsjef i Stordfest, Haakon Vatle, er også leiar i stiftinga Statsraad Lemkuhl.

- Annonse -

Banda som så langt er booka til neste års Tysnesfest er Kari Bremnes, Gåte, BigBang og Adam Douglas.

Neste års Tysnesfest vil gå av stabelen frå 11. til 15. juli, og vil bli den 11. festivalen i rekkja.

- Annonse -
- Annonse -