Skisse over miljøgata gjennom Leirvik sentrum.
- Annonse -

Krysset i Osen vil ikkje bli stengt, då Statens Vegvesen har kome fram til at dei likevel ikkje vil klage på vedtaket frå kommunestyret.

I slutten av september melde Vegvesenet at det var heilt uaktuelt å fire på krava om å halde Osen-krysset ope. No har pipa fått ein annan lyd.

– Statens Vegvesen kunne denne veka melde at dei ikkje kjem til å klage på miljøgateplanen. Klagefristen er no gått ut, dermed er planen rettskraftig, opplyser ordførar Gaute Epland (Ap) i ei melding.

Ordførar Gaute Epland, foto: Jonas Sætre/Stord24

Konstruktivt møte

Epland opplyser at fleire representantar frå kommunen hadde møte med Vegvesenet i etterkant av vedtaket i kommunestyret, der eit overveldande fleirtal gjekk inn for å halde Osen-krysset ope i planen om miljøgata gjennom sentrum. Dette trass i at Vegvesenet var tydelege på at dei ikkje ville akseptere eit slikt vedtak.

– Me diskuterte den varsla klagen mot å halda Osen open for utkøyring mot nord. Det vart eit godt og konstruktivt møte der me la fram og fekk forståing for vårt syn om at opninga av Osen på langt nær medfører så mange konfliktpunkt som det Statens Vegvesen la til grunn i sine uttalar i forkant av kommunestyremøtet.

- Annonse -
- Annonse -

Epland viser til at krysset ikkje blir noko typisk trafikkfarleg x-kryss, slik som har blitt hevda i debatten.

– Osen-krysset skal berre opnast for utkøyring mot nord, og bussane som skal køyra ut frå søndre del av den nye busshaldeplassen skal berre skal ha utkøyring mot sør. Dermed vert dette krysset langt mindre konfliktfylt enn til dømes krysset ut frå torget, som Vegvesenet ikkje har hatt tilsvarande problem med å godta.

- Annonse -

Ser fram til arbeidet

Epland opplyser at han er svært nøgd med at Vegvesenet har snudd i saka.

– Eg er nøgd med avgjerda. Når ein skal planlegga nye trafikkløysingar i eit eksisterande bysentrum er det mange omsyn som må takast. Stenging av Osen var eit punkt næringsrådet og fleire av dei næringsdrivande i sentrum peikte på som uheldig i høyringsuttalane sine. For oss var det viktig å ta desse innspela på alvor, og samtidig avslutta ein lang planprosess.

No ser ordføraren fram til å legge debatten om miljøgata bak seg, og gå i gang med den vidare utviklinga av Leirvik sentrum.

– Det var viktig å landa dette no for å kome vidare i utviklinga av sentrum. Med ein vedteken miljøgateplan og, ikkje minst, ei endeleg avgjerd når det gjeld plassering av nytt kollektivknutepunkt, har me eit godt utgangspunkt for arbeidet med ny sentrumsplan som me skal gå i gang med neste år. Dette er noko eg ser veldig fram til.