Det er ofte køar mot Bømlafjordtunnelen som følgje av stengt tunnel. Foto: tipsar
- Annonse -

Dagens tunnel vil ikkje takle trafikkauken når Rogfast og Hordfast blir ferdig, konkluderer Vegdirektoratet.

At det er naudsynt å byggje ny tunnel mellom Stord og Sveio har vore diskutert før, men så langt berre på idéstadiet.

Den 20 år gamle Bømlafjordtunnelen er ikkje bygd i samsvar med EU-reglane, og blir ofte stengt for trafikk på grunn av motorhavari eller andre mindre alvorlege hendingar.

No slår Vegdirektoratet fast at det ikkje vil vere forsvarleg å ha tunnelen i bruk når Rogfast og Hordfast ein gong står ferdig, grunna den venta trafikkauken. Dette kjem fram i eit brev til Samferdselsdepartementet, som NRK Hordaland har fått innsyn i.

– Me bør difor legge opp til eit planløp slik at me har ein oppgradert Bømlafjordtunnel samtidig som Hordfast blir bompengefri, skriv direktoratet i brevet.

Eit planløp betyr at det må byggast to heilt nye tunnelar under fjorden, som vil gå parallelt med kvarandre.

- Annonse -

– Ein eller annan gong må det skje. Anten når trafikkauken eller tryggleiksnivået krev det, skriv direktoratet i følgje NRK.

Kva tid Hordfast blir bompengefri kan likevel ligge langt inn i framtida. Interesseorganisasjonen Hordfast AS ønskjer å opne for at bompengeperioden kan aukast til maksimalt 40 år. I så fall vil kravet om nye tunnelar ikkje bli gjeldande før rundt år 2070.

- Annonse -