Geir Angeltveit, initiativtakar bak Stord Folkehøgskule AS. Foto: Stord Venstre
- Annonse -

Lesarbrev: Det grøne skiftet treng kompetansen på Stord, og me skal gjere vårt for at dei grøne oppdraga kjem her.

Av: Geir Angeltveit,
Ordførarkandidat, Stord Venstre

I går torsdag 22. august kan ein markera i historiebøkene som dagen då Norge for alvor satte inn støtet for å utvikla det neste industrieventyret til havs.

Klima- og Miljøminister Ola Elvestuen (V) og Statsminister Erna Solberg (H) la fram at regjeringa går inn med 2,3 mrd i investeringar til verdens største flytande havvindpark.

Ei utbygging som i seg sjølv reduserar klimagassutsleppene tilsvarande 100.000 bilar. Men som verkeleg betyr at norsk industri får anledning til å nytte, vidareutvikla og bygga ut ny industri og teknologi.

Menneskeskapte klimaendringer ødelegg jordkloden. Heldigvis har me også menneskeskapte klimaløysingar!

- Annonse -

Dette er ein katalysator inn i teknologiutviklinga. Me må lukkast med å redusera kostnadane slik at flytande vind på sikt vert ei konkurransedyktig energikjelde. Støttetilsagnet til Hywind Tampen er det størsta frå Enova nokonsinne.

Støtten betyr etableringa av 11 flytande vindturbinar, som skal erstatta omtrent ein tredjedel av kraftbehovet på oljefeltene Gullfaks og Snorre. Kor det i dag er svære utslepp frå gasskraftverk på havs.

Den viktigaste effekten er at ein bidrar til å gjere flytande havvind meir kommersielt. Ein stillar krav til industrien, og industrien må levera.

Det er stadig eit langt lerret å bleika, men dette visar ein tydeleg ambisjon frå regjeringa om å satsa på norsk ekspertise og grøne oppdrag til norsk industri som eit opplagt ledd i det grøna skiftet.

Venstre på Stord og vårt poltiske kollegium vil vere industrien sine fremste støttespelarar for å sikra seg oppdrag til denna framveksande næringa. Det grøne skiftet treng kompetansen på Stord, og me skal gjere vårt for at dei grøne oppdraga kjem her.

- Annonse -