Styret i Stord Islamske Kultursenter har starta ein huskomité for å finne eigna lokale for å etablere ein moské. Styreleiar Ramadan Abdi fremst i kvite klede. Foto: Facebook
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord Islamske Kultursenter har starta innsamlingsaksjon og ein medlemskampanje for å finne tomt eller lokale der dei kan starte opp ny moské på Stord.

I vår skreiv Stord24 at Stord Islamske Kultursenter vart kasta ut av det trange forsamlingslokalet i Borggata, og at dei spurte kommunen om hjelp for å finne eit nytt lokale for moské eller det dei kallar kultursenter.

Framleis står trusamfunnet, som er det største på Stord etter Den norske kyrkja, utan lokale. Men no har styret i Stord Islamske Senter oppretta ein huskomité, som skal arbeide målretta framover for å skaffe ein moské.

– Alt av interesse

– Komiteen skal jobbe med å skaffe oss eit lokale kor me kan be, ha møte, halde aktiviteter. Det kan vere eit kommunalt lokale, ein kommunal tomt for å setje opp brakker, eit kommunalt bygg, eit privat lokale eller å kjøpe ein tomt som me kan setje brakker på for å bygge ein moské seinare, skriv trussamfunnet.

Akhtar Chaudhry er ein av medlemmene i huskomiteen. Foto: Hilde Maisey, SV

Og som dei skriv på Facebook, så er dei ikkje kresne:

- Annonse -

ALT er av interesse: En nedlagt barnehage, skole, industribygg, nedlagt butikk eller en tomt!

Chaudhry med på laget

Blant dei som sit i styret i huskomiteen er tidlegare stortingsrepresentant Akhtar Chaudhry, som er flytta til Stord. Chaudhry er også ein av dei som vil støtte trussamfunnet med eit månadleg beløp for å finansiere bygginga av moskéen.

Trussamfunnet skriv at Chaudhry vil donere 1000 kroner i månaden. Han er ein av ti personar som vil donere eit fast beløp for å bidra til etableringa av moskeen.

Samtidig vil komiteen jobbe målretta for å få endå fleire medlemmer, slik at trussamfunnet kan få meir i offentlege tilskot. Trussamfunnet skriv at målet er å skaffe minst 100 nye medlemmer innan 31. desember.

Huskomiteen ber om hjelp!Styret har nedsatt en huskomitè. Huskomiteen skal finne et lokale til et samlingssted for vår…

Posted by Stord Islamisk Kultursenter on 7. oktober 2017

- Annonse -