Chriss Robin Eriksen frå Kristiansand har starta innsamlingsaksjon for å hjelpe Lars-Erik og Martin-Alexander med å gå til sak mot barnevernet i Kristiansand og på Stord. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det gjer vondt å vite at ein person eg er så glad i har gått gjennom så mykje, seier kameraten til Lars-Erik Husom, Chriss Robin Eriksen.

Historia som Stord24 har skrive om brørne Lars-Erik og Martin-Alexander Husom sitt oppgjer met barnevernet på Stord og i Kristiansand, har fått stor merksemd, og mange tusen har lese saka.

Brørne, som budde på Stord frå 1999 til 2005, har fortalt om ein barndom prega av rusmisbruk og omsorgsvikt, utan at barnevernet på Stord og i Kristiansand gav dei den hjelpa dei trengte.

Ville hjelpe kameraten

Chriss Robin Eriksen frå Kristiansand er ein av dei som har lese saka. Chriss vart kjend med Lars-Erik kort tid etter at han hadde flytta vekk frå Stord. Dei blei fort gode kameratar, då dei delte mykje av den same bakgrunnen.

– Eg har sjølv vore innom barnevernet, og så me har ganske lik historie. Men eg har opplevd barnevernet på ein heilt forskjellig måte Lars-Erik. Eg har fått oppleve god oppfølging av meg, mora mi og fosterheimen eg budde hos.

Han er likevel rysta over Husom-brørne sitt møte med barnevernet. No vil gjere sitt for å hjelpe dei, og har difor starta ein innsamlingsaksjon på nettstaden Spleis.

- Annonse -
- Annonse -

– No får eg ikkje vere der i lag med Lars-Erik og støtte han gjennom denne prosessen, slik eg ville gjort dersom me hadde budd på same stad. Då lurte eg på kva eg kan gjere for han. Då kom kona mi på denne Spleis-aksjonen, som jo er ein veldig god idé.

Innsamlingsaksjon på nettstaden Spleis.

– Advokatar er dyrt

Han fortel at pengane som vert samla inn skal gå til advokatutgifter og andre kostnadar knytt til erstatningssaka som Lars-Erik og Martin-Alexander har varsla mot barnevernet.

– Barnevernet er jo ein stor organisasjon med mykje ressursar tilgjengeleg, noko korkje Lars-Erik eller Martin-Alexander har. Eg vil støtte dei slik at dei kan bringe saka fram i lyset etter handteringa i denne saka. Forhåpentlegvis kan det også vere med å forbetre situasjonen for andre.

- Annonse -

– Advokatar er dyrt, og på grunn av uførereforma og endringar i regelverket for fri rettshjelp får dei ikkje dekka noko som helst om dei ikkje vinn fram, seier han.

– Korleis var det å lese reportasjen om Lars-Erik og Martin-Alexander?

– Det var sterkt og vondt å lese. Lars-Erik har jo fortalt meg mykje, men han har ikkje fortalt meg absolutt alt. Eg visste at han hadde vore gjennom mykje. Det gjer vondt å vite at ein person eg er så glad i har gått gjennom så mykje.

Martin-Alexander (27) til venstre og Lars-Erik (31) til høgre. Foto: Benjamin A. Ward

– Me gir oss ikkje

Yngstebror Martin-Alexander skreiv torsdag eit innlegg på Facebook der han gjer det klart at brørne ønskjer å ta saka vidare.

– Me gjer oss klare til å saka vidare og me kjem ikkje til å gi oss før barnevernet i begge kommunane aksepterer si rolle i den fæle barndomen me har hatt. Det er noko som heiter «Det finst ikkje fæle barn, berre barn som har det fælt». Dette er noko Stord og Kristiansand burde merke seg.

Stord kommune har så langt avvist at dei har eit erstatningsansvar overfor brørne.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -