Styreleiar Lars Solberg og prosjektleiar Lene Pilskog i den nye tenketanken "Industritanken" ser fram til nysatsinga. Foto: Atheno
- Annonse -

Atheno etablerer Industritanken, som skal vere ein tenketank for industrien i Sunnhordland.

Allereie 20. september sparkar næringsselskapet Atheno i gang den spennande nysatsinga, ein såkalla tenketank som har fått namnet Industritanken.

Ei tenketank vert definert som ein  organisasjon som gjev råd og idear om politikk, næringsliv eller militære spørsmål. Vanlegvis viser omgrepet til organisasjonar med tverrfagleg kompetanse, som kjem med analysar og råd til politikarane.

Vil knyte industrien tettare saman

I følgje Atheno er hovudmålsetnaden til Industritanken å arbeide med å auke kunnskap og oppslutning om utvikling av industrien i regionen.

– Industritanken skal jobbe med kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling, og knytte industri og akademia tettare saman, fortel prosjektleiar, Lene Pilskog.

Styringsgruppa til tenketanken vil bestå av Atheno AS, Kværner og Leirvik AS, NMEC, Høgskulen på Vestlandet, Stord Næringsråd og Fellesforbundet.

- Annonse -

Pilskog fortel at dei har ein klar målsetnad om å setje agendaen.

– Industritanken skal gjennom ulike arrangement og medieproduksjonar skape arenaer for inspirasjon, diskusjon, deling og kunnskapsutvikling.

– Me vil difor invitere inn ulike partnarar i regionen på dei ulike arrangementa i Industritanken. Alle opne arrangement vert lagt til kveldstid for at flest mogeleg skal kunne gå på arrangementa, ikkje berre leiarar og andre som tradisjonelt går på liknande tilstellingar i jobbsamanheng, seier Pilskog.

Vil utvide industriomgrepet

Styreleiar i Atheno, Lars Solberg, meiner det er på tide å utvide industriomgrepet i regionen.

– Tradisjonelt har arbeidet i industriklynga til Atheno vore mest retta mot olje- og gassindustrien. Med Industritanken vil me samle all industri av betyding for vekst og verdiskaping i Sunnhordland, som til dømes energi og prosess, bygg og anlegg, samt marine og maritime industriar.

Industritanken er først og fremst utvikla for medlemsbedrifter og -organisasjonar knytt til Atheno AS. Samtidig skal Atheno fremje Sunnhordland som industri-, kompetanse og innovasjonsregion.

Første ope arrangement i Industritanken vil skje torsdag 20. september kl. 19.30 på Verket på Vabakken, med temaet digitalisering i industrien. Teknologigründeren John Markus Lervik og fagforeiningsleiaren Atle Tranøy vil halde innlegg, og det vert open debatt etterpå.

- Annonse -