Soknepresten i Stord, Olav J. Oma, syner fram det nye bladet. Foto: Stord kyrkjelyd
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fredag får alle husstandane i Stord kommune det splitter nye kyrkjebladet Spira i postkassen. – Me ser at engasjementet og aktiviteten i kyrkjelydane gløder for tida, seier sokneprest og redaktør for det nye bladet, Olav J. Oma.

Pressemelding frå Stord kyrkjekontor

Det nye kyrkjebladet Spira er eit samarbeidsprosjekt mellom Nysæter og Stord sokn og går ut til 7000 husstandar.

– Kyrkja er ein av dei aller største organisasjonane på Stord med meir enn 14.600 medlemmar og tilhøyrande. Gjennom eit kyrkjeblad får me høve til å synleggjera alle dei fine aktivitetane våre – og visa kva me arbeider med, seier Olav J. Oma.

Vil laga eit inkluderande blad

Undersøkingar frå andre kyrkjelydar viser at tre av fire les det lokale kyrkjebladet meir eller mindre regelmessig.

– Her ser me at me har høve til å nå ut til mange, både dei som er ofte i kyrkjene våre, og dei som er der sjeldnare. Me ønskjer sjølvsagt å informera og fortelja om arbeidet vårt, slik at me kan auka engasjementet og byggja kyrkjelydane vidare, seier Anders Grov Nilsen, medlem i Stord sokneråd og Spira-redaksjonen.

Spirande

- Annonse -

Det er ei samla redaksjonsgruppe som, på vegne av sokneråda, står bak namnet på kyrkjebladet.

– Spira kan ha fleire tydingar. I den fine logoen for bladet, laga av Barbro Høyland Andersen, ser me silhuettane til spira på dei to kyrkjene våre. No om våren ser me også alle spirene rundt oss, og veit kva potensiale som ligg i dei, seier Anders Grov Nilsen.

– Ei spire er ei byrjing, ofte til vekst og utvikling. Dei kjende omgrepa «ei spire til nytt liv» og «ei spire til større innsats» vil høva godt også for aktivitetane våre. Spiro/spiras kan dessutan på latin tyda pusta, blåsa, leva. Det gjev meining her òg, seier Olav J. Oma.

- Annonse -