- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Knut Marius Sundt ønskjer å samle teknologiinteresserte for å bygge opp eit IT-miljø på Stord.

Eit nytt forum er starta opp på Stord for folk som jobbar med IT og teknologiutvikling.

Tech Cluster West, som dei kallar seg, hadde sitt første møte denne veka i Kunnskapshuset, og forumet har som formål å skape inspirasjon og fagleg påfyll for deltakarane.

Overraska over miljøet

Bak initiativet er Knut Marius Sundt, som til dagleg jobbar som software-utviklar i mediebyrå-bedrifta GroupM. Då han flytta til Stord frå Bergen sakna han eit miljø for å møte andre i samme bransje slik som det dei større byane. Samtidig var han overraska over kor mange det var som jobba innan IT på Stord som ikkje hadde noko kontakt med kvarandre.

– Då eg flytta til Stord så trudde eg ikkje det var noko særleg med folk som jobba med IT-utvikling i det heile teke. Men etter kvart blir eg stadig vekk overraska over fra som finst og kva folk driv med, særleg gjennom miljøet på Kunnskapshuset.

Speldesignar Jon Mæland orineterte om det nye spelet han held på å lage.
- Annonse -

Tema for første foredrag handla om spelutvikling, der den Stord-baserte spelutviklaren John Mæland fortalde eit nytt spel han er i ferd med å lansere. Vidare vil tema for framtidige møte vere Internet of things, blockchain-teknologien og den virtuelle valutaen bitcoin.

Dersom du ikkje forstår kva desse omgrepa handlar om er du sannsynlegvis ikkje heilt i målgruppa. Sjølv om føredragene vil halde eit høgt fagleg nivå, oppmodar Sundt folk som er interesserte i enkelte tema til å delta.

– Høgt fagleg nivå

– Blockchain er til dømes eit tema som vil vere interessant for andre enn berre teknologiutviklarar.

– Forumet skal vere opent for alle som synest det er interessant og er nysgjerrige, og ein må ikkje kjenne på at ein nødvendigvis må bidra med noko. Samtidig vil me halde det eit høgt fagleg nivå. Viss det blir for breidt blir det ikkje så interessant for dei som jobbar med dette til dagleg.

Ambisjonen er å hente inn eksterne folk som kan hente inn workshops. Sundt understreker at målet med samlingane er å skape ein uformell arena, og ikkje så mykje fokus på å tene pengar. Men at forumet kan føre til nystartingar ser han ikkje bort i frå.

– Det vil vere ein bonus om dette fører til nyetableringar, og eg vil ikkje bli overraska om det gjer det. Det er ofte slik me har fått tak i folk i GroupM, frå tilfeldige samtalar over kaffemaskinen. Gjennom uformelle samtalar finn du gjerne folk som har ein heilt annan innsikt enn du har sett for deg. Å hente inn folk via tradisjonelle kanalar som jobbintervju er ikkje nødvendigvis det beste for små verksemder.

Mange med heimekontor

Sundt peiker også på at det i IT-bransjen ikkje nødvendigvis er den mest sosiale bransjen, der det er mange som har heimekontor som jobbar for store selskap langt vekke.

– Eg trur det sit ein del folk rundt omkring som jobbar for firma i andre byar. For slike personar trur eg denne type miljø vil vere noko positivt som gjer at ein kjenner seg meir integrert og har nokon å diskutere med. Når ein jobbar med teknologi og kreative prosessar så er det noko med det å kunne diskutere og lufte idear.

Den innflytta stordabuen ser positivt på framtida til IT-miljøet på Stord, og peiker på nyetableringa til Skye som eit positivt nytt skot på stammen.

– At Skye vel å starta på Stord med høge vekstambisjonar er jo veldig spennande. Det er veldig positivt at eit fimra som tør å gå litt mot straumen og satse på eit kontor her. Alt som bidrar til å utvikle IT-miljøet på Stord er generelt sett velkome.

Ikkje krisetider

For Sundt er overtydd om at satsing på teknologiutvikling vil vere ein viktig næringsveg på Stord i framtida.

– Då det var krisetider i dei store oljeverksemdene så var det ein situasjon som virka heilt fjernt for meg. For innan IT skreik jo selskapa etter fleire tilsette. Problemet var å finne kompetente folk, og at det er for lite folk som dykkar inn i IT-utvikling i dag.

– Spør du meg så er eg ikkje i tvil om at å satse på IT-utvikling er viktig om ein skal hevde seg i framtida.

For dei som ønskjer å bli med i forumet kan ein finne informasjon gjennom Facebook-gruppa Tech Cluster West.

 

- Annonse -