Lars Melkevik står i bresjen for ein aksjon for å redde Spinae Company. Foto: Jonas Sætre/Malin Langøy Aarbø/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Viss me ikkje klarar det i løpet av nokre veker, så er toget gått, seier Lars Melkevik, som er iniativtakar bak ein storstilt aksjon for å redde den populære danseskulen på Stord.

237 born og unge, med engasjerte foreldre i ryggen, har no starta ein aksjon for å hindre nedlegginga av danseskulen Spinae Company.

– Eg er ein far som ser betydninga av dette, men også på eit overordna nivå må me som lokalsamfunn vere vakne i denne situasjonen. Me snakkar om eit tilbod for over 230 barn og ungdom som er i ferd med å forsvinne.

Det seier Lars Melkevik, som koordinerer aksjonsgruppa som dei neste vekene skal jobbe målretta for å sikre vidare drift.

– Uhyre viktig tilbod

Bakgrunnen er at Magdalena From Delis i førre veke melde at ho vil gi seg på grunn av dårleg inntening og for stor arbeidsbyrde.

– Veldig mange har eit nært forhold til Spinae Company. Me som er tett på institusjonen har sett kva Spinae faktisk har fått til, og at dette er meir enn berre ein danseskule. Det har utvikla seg til ein kulturinstitusjon som kulturlivet i dei store byane berre kan misunne oss.

- Annonse -
- Annonse -

– Dette er eit utruleg viktig tilbod på Stord. Sjølv om me har kulturskulen, så er det sosiale miljøet på dette huset noko heilt unikt. Det å bygge opp att eit likt tilbod igjen er uhyre vanskeleg.

Hastar med ei løysing

Melkevik fortel at dei på førehand har rådført seg med Magdalena From Delis, for å høyre om ho kan vere villig til å drive vidare dersom ein finn ei løysing på utfordringane knytte til administrasjon og økonomi.

– Me tok ein prat med Magdalena, og spurte kva som må til. Då kom me fram til tre element. Det første er dei administrative oppgåvene, for det andre handlar det om ressursar knytte til produksjonane, ved at me har folk som kan halde kurs og ta hand om logistikken, og til sist handlar det naturlegvis om pengar.

– Alle me som kjenner til Spinae veit at det er drive nærast på ideelt grunnlag. Det er nesten ikkje teke ut løn. Det er ingen andre her på Stord som hadde orka å drive dette for slikk og ingenting.

Melkevik undertreker at det hastar å få kome fram til ei løysing.

– Me ønskjer at heile Stord-samfunnet skal vere med på dette løftet. Dette handlar om kva tilbod me skal ha til dei unge på Stord. Me meiner det er mogleg å få ei berekraftig drift. Men viss me ikkje klarar det i løpet av nokre veker så er toget gått. Då får me det ikkje til.

Magdalena From Delis er iponert over engajementet. Foto: Stord24

Imponerande engasjement

Magdalena From Delis seier til Stord24 at ho er overvelda over støtten frå foreldra og elevane.

- Annonse -

– Eg har stilt meg litt på sidelinja her sidan eg eigentleg har teke ei avgjerd. Men eg ser at det finst ein vilje og eit engasjement her som er heilt imponerande. Det er magisk å sjå så mykje kjærleik og varme som finst.

– Sjølv om det er ein del ting som må løysast så får me krysse alle fingrane for at me kanske kan klare å snu.

For Delis er det viktig å understreke at Spinae ikkje er synonymt med ho sjølv, men at det er elevane og foreldra som er dei sentrale.

– Spinae har aldri vore mitt, det har vore folket sitt. Sjølv om mange vil kople det til Magdalena, så har Spinae alltid vore borna, ungdomane og foreldra sitt. Det er slikt eg har følt på det. Utan dei hadde det aldri eksistert noko Spinae Company.

Lovar pengar

Ordførarkandidat for Høgre, Øyvind Kyvik, seier at han er villig til å love årleg kommunal støtte til Spinae Company, dersom næringslivet også trør til.

– Dette er ein ekstremt viktig kulturinstitusjon. Det hadde vore ufatteleg trist å miste over 230 plassar. Stord Høgre kjem til å føreslå at Stord kommune bidreg med 150.000 kroner i revidert budsjett, så lenge me får næringslivet med på tilsvarande sum, seier Kyvik.

– Dersom eg vert ordførar vil eg i min neste ordførar sørgje for tilsvarande støtte fram til 2023.

– Blei lei meg

Ordførar Gaute Epand (Ap) ser også viktigheita av at institusjonen kjem til å bestå.

– Det har vore utruleg flott å sjå korleis Spinae Company har utvikla seg og funne sin plass i Stord-samfunnet. Det er veldig imponerande, og eg blei lei meg då eg høyrte at ho ville gi seg.

– Viss næringslivet er med og bidrar, og kommunen blir utfordra, så er det absolutt noko eg vil vere med på å diskutere, utan at eg kan løyve pengar over bordet her og no, seier Epland.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -