Benedicte Skålevik er glad for plasseringa på hennar nye salong i Torgbakken på Leirvik. Foto: Per Lønning
- Annonse -

– Eg vonar og trur Borggata er på veg opp igjen, seier Benedicte Skålevik (31), som nyss starta opp REIN Hud- og hårhelse i Torgbakken på Leirvik. 

Av: Per Lønning

Etter fleire år med utdanning og jobbrøynsle frå både Bergen og Oslo, vende Benedicte Skålevik vegen heim att til Stord. Den nye salongen hennar på Leirvik hadde opningsfest 30. april i år.

– Det var kjekt med mykje folk. Opninga har gått over all forventning, og me har hatt fulle lister i ettertid, seier salongstiftaren til Stord24.

– Kva gjorde at du ville prøve deg på Leirvik?

– Eg synst gata her er kjempekoseleg. Kvifor ikkje satse? Sjølv om gata har hatt ein nedtur, trur eg den er på veg opp att. Ein må tenkje positivt. Om alle skal tenkje negativt, då endar det jo berre negativt då.

- Annonse -

– Kanskje det folk vil ha

Ho har tru på utvalet ein har av butikkar på Leirvik. Sjølv gjer ho seg synleg via sosiale medier som Instagram og Facebook.

– Me legg ut bilete kvar dag, seier ho.

– Dei butikkane som er her og dei som opnar nytt no, det er slike nisjebutikkar. Til dømes går det bra med både Sykkel og Kaffi og klesbutikken Snor. Det er jo slike eksklusive butikkar. Og det er kanskje det folk vil ha. Dei vil ha ting som er ekte og eksklusive.

På Stord er der allereie fleire salongar som driv med ulike former for velvære. Benedicte har sjølv satsa på å samle fleire tenester på éin og samme stad. Ho driv mellom anna hårklypp, fotpleie og hudpleie.

– Me har alt, seier ho og nikkar. – Om eg ikkje har kundar på frisør, så har eg i alle fall kundar på hudpleie, ikkje sant? Så eg har alltid noko å fylle listene mine med. Eg er jo hudpleiar, og eg likar godt å jobbe med det. Så har eg ei her som er frisør. Me deler litt på det. Ho har hovudoppgåve som frisør, så er eg båe deler.

Målet til Benedicte er at salongen skal opp og framover. Ho har trua på at det kjem til å gå godt med den.

– Eg trur butikken kjem til å gå svært bra. Det er vanskeleg å sjå for seg at han ikkje skal gjere det, seier ho med sikker stemme.

Ville til Leirvik

Før oppstarten på Leirvik arbeidde ho i salongen Euphoria på Heiane. Ho selde seg ut frå verksemda der og retta blikket mot Leirvik.

– Eg visste eg ville ned til Leirvik. Leverandørane og alt hadde eg på plass, så eg visste kva eg ville ha inn før eg fôr frå Heiane. Så det som stod igjen var å finne eit høveleg lokale. Eg var rundt og leita litt, og så enda eg opp her. Det var perfekt.

Ho er nøgd med lokaliseringa av verksemda si. Der er utsikt til Torget frå eine sida, medan sjølve inngongspartiet ligg meir løynd på baksida.

– Me kjem jo til å ha botox og restylane. Det vert kanskje slik at ikkje alle ynskjer at folk skal vite at ein har vore og teke botox. Og då vert det altså ikkje slik at ein sit på utstilling her. Ein er litt skjerma.

(Saka held fram under biletet)

Benedicte Skålevik saman med ein kunde. Foto: Per Lønning

– Går som regel bra

Ho vonar det er fleire som ynskjer å etablere butikk på Leirvik.

– Kva tips har du til folk som ynskjer å etablere butikk?

– Eg tenkjer at om ein har lyst må ein berre gjere det. Ein kjem jo ingen veg om ein berre sit og tenkjer «skal eg gjere det eller skal eg ikkje gjere det?». Det går som regel bra om ein berre jobbar for det.

Ho har brukt ein del tid på å pusse opp salongen, og ho har fått den slik ho ville ha den.

– Me er nøgde og har fått fleire positive tilbakemeldingar frå kundane som har vore innom, seier ho.

Vona er at dei gamle kundane ho har hatt frå Heiane vil kome attende.

– Eg vonar dei ser at eg ikkje har forsvunne. Eg har no vore i mammapermisjon i eitt år .Og så har eg ikkje vore attende igjen på jobb. Eg gjekk direkte laus på dette her på Leirvik. Folk får det vel med seg i sosiale medier.

– Har teke Noreg med storm

– Kva er det du likar med yrket ditt?

– Eg likar at det er så variert. No har eg nettopp teke kurs i vippeløft og microblading.

Microblading er ein tatoveringsteknikk til augnebryn. Resultata kan ifølgje Skålevik vare frå eitt til to år.

– Det har teke Noreg med storm og vorte kjempepopulært. Eg tenkte å satse litt på det og verte skikkeleg god. Me er veldig gode på bryn og me skal verte kjempegode på microblading.

Skålevik er trygg på faget sitt. Ho vonar at kundar som oppsøkjer henne, gjer det fordi dei tykkjer om henne som person og for arbeidet ho utfører.

– No har eg vore hudpleiar i ti år, så eg kan jobben min, seier ho.

- Annonse -