Nils Magne Blålid er ein av tre SV-politikarar som vil ha lovlegkontroll av vedtaket om Stord maritime museum. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kommunestyre meiner det ikkje er grunnlag for lovlegkontroll av vedtaket om å halde pengar tilbake.

SV sto heilt aleine om å halde fast på sitt eige krav om lovlegkontroll av vedtaket om å halde pengar tilbake frå Sunnhordland museum. Det skriv Sunnhordland.

Difor står vedtaket i tråd med innstillinga frå rådmannen.

Det var SV-politikarane Nils Magne Blålid, Hilde Hauglid og Vegard Moe, som i slutten av februar fremsette krav om lovlegkontroll over kommunestyret sitt vedtak om å halde tilbake løyvinga på 520 000 kroner, som var budsjettert å gå til Sunnhordland museum.

Rådmannen meiner vedtaket kommunestyret gjorde ikkje er ei “realitetsavgjerd”, og at vedtaket difor ikkje kan få noko rettslege påverknader for Stord kommune. Det grunngir han med at det ikkje står i budsjettet kva tidspunkt i 2017 at løyvingane til museet skal utbetalast, og at vedtaket berre er ei utsetjing.

Kommunestyret vedtok førre månad at pengane skulle haldast tilbake fram til 15. april, der formålet skulle vere at eit nytt avtaleverk skulle bli laga for vidare drift ved Stord maritime museum.

- Annonse -

Seinare er det kjend at Sunnhordland museum har nekta å gå i møte med Stord maritime museum, så lenge SV sitt framlegg om lovlegkontroll er til handsaming.

- Annonse -