Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

– Folk reagerte på køyringa hennar.

Fredag ettermiddag blei ei kvinne i 50-åra stansa av politiet, etter tips frå publikum.

– I området ved Sagvåg skule fekk politiet melding om bil som køyrde vinglete opp og ned. Folk regerte på køyringa hennar, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Britt Jorunn Løvereide.

Ein patrulje blei sendt ut for å stanse bilen. Den traff dei på ved Heiane seinare på ettermiddagen.

– Ho fekk eit forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon under køyring. Det var det som var årsaka til at ho vingla. Ho vedtok førelegget på staden.

Løvereide opplyser ellers at det har vore ein svært roleg helg i lensmannsdistriktet.

- Annonse -
- Annonse -