Nokon har stelt pengar frå denne matvogna på Torget på Leirvik. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I følgje innehavarane av matvogna skal tjuveriet ha skjedd måndag kveld.

– Me fekk melding i 12-tida i dag om tjuveri i ei matvogn i Leirvik sentrum. Det skal ha blitt teke noko pengar, fortel operasjonsleiar Irene Ragnhildstveit i Sørvest politidistrikt.

I følgje innehavarane av matvogna, som sel thaimat, skal tjuveriet ha skjedd i løpet av måndag kveld.

Politiet sendte ein patrulje til staden for å sikre eventelle bevis.

- Annonse -

– Det er også blitt sikra overvakingsvideo frå Esso-stasjonen i nærleiken, opplyser Ragnhildstveit.

Ho har ikkje oversikt over kor mykje pengar som er stelt frå matvogna.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -