Foto: tipsar
- Annonse -

Politiet har pågripe ein mann etter at han stal pengar og var ubehageleg mot ei ung butikktilsett.

– Det er ein gammal kjenning i bybildet som har vore inne i ein butikk i Leirvik og vore ubehageleg. Det har ikkje vore noko trugslar, men han var ubehageleg mot ei ung jente som jobba i butikken, fortel operasjonsleiar Jøran Solheim.

Då den tilsette gjekk på bakrommet for å snakke med sjefen skal mannen så ha forsynt seg av vekslepengar i butikken.

– Det er blitt teke pengar frå eit pengeskrin medan ho har snakka med sjefen sin.

Politiet fann gjerningspersonen etter kort tid.

– Han vart funnen inne på herretoalettet i Kulturhuset.

- Annonse -