Arkivfoto: Statens Vegvesen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet venta på at bilen skulle køyre ut av ferja på Halhjem. Men føraren nekta å stanse, og kræsja med politiet i hælene.

Fire politimenn venta på Halhjem ferjekai då bilen kom i land natt til torsdag, skriv BA.

Då hadde politiet blitt varsla om at ein bil var stelt på Stord og at den kunne befinne seg på ferja.

Men då dei to passasjerane oppdaga at politiet sto ventande, la dei i veg rett forbi politiet på ferjekaien.

Dei kom likevel ikkje lange stykket. Berre 500 meter seinare kræsja bilen i eit autovern.

- Annonse -

I bilen satt det to menn på 38 år og 41 år, som så blei frakta til legevakta for sjekk. Men det skal berre ha vore materielle skader, skriv avisa.

- Annonse -
- Annonse -

Dei to mennene er mistenkte for ruskøyring, skriv nettstaden Midtsiden.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -