MF Folgefonn har fått installert trådlaus ladeteknologi. Denne teknologien blir no løfta fram i nasjonal eksportsatsing. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Wärtsilä på Stord vert trekt fram som ein spesielt viktig bedrift når industrien i Norge skal legge til rette for nye arbeidsplassar utanfor olje og gassnæringa.

I ein ny rapport som er utarbeida av Norsk Klimastiftelse, BKK og SKL, vert det presentert seks ulike prosjekt i regionen som vert vurdert som særleg spennande, og kan bidra kraftig til å auke talet på arbeidsplassar.

Av dei seks prosjekta som er nemnd i rapporten, viser ringverknadsanalysar av Vista Analyse at fire av dei er forventa å kunne skape heile 1250 arbeidsplassar, både direkte og indirekte.

Trådlaus lading

Eitt av dei seks prosjekta som vert trekt fram er Wärtsila på Stord si innovative satsing på batterilagring for ferjer.

– For oss er det vanskeleg å gje nokre konkrete tal på kor mange arbeidsplassar dette kan gje i framtida, men me er overtydd om at vår kompetanse på berekraftig og framtidsretta teknologi vil gje vekst når den globale marknaden er klar for å ta desse løysingane i bruk, seier kommunikasjonssjef i Wärtsila, Jane Jünger.

Det var i september i fjor at Wärtsilä-miljøet utvikla verdas første trådlause ladesystem for  ei ferje. Den batteridrivne ferja MF Folgefonn, som går til øyane Huglo og Tysnes, vart lada heilt trådlaust for første gong.

- Annonse -

– Wärtsila sin trådlause ladar er ein del av Wärtsila sitt langsiktige utviklingsarbeid for å leggje til rette for ei omfattande hybridisering og elektrifisering av skipsflåten, og den infrastrukturen som ein treng på land for påfyll av energi, opplyser Jünger.

– Mange puslespelbitar

– Den trådlause ladaren er ein av mange puslebitar i det nye smarte økosystemet, som ein vil trenge for å kunne få på plass ein grønare skipsflåte.

I februar lanserte Wärtsila at dei saman med Boreal Sjø skal vere med å utvikle verdas første hydrogenferje. Ferjestrekninga Hjelmeland-Skipavik-Nesvik blir den første i verda der fartøyet skal nytta hydrogen som drivstoff.

Dette er dei seks framtidsretta prosjekta som vert trekt fram i rapporten:

  • Eramet i Sauda, som gjennom energigjenvinning jobbar med å forbetre prosessen i produksjon av manganlegeringar til stålfabrikasjon
  • Norsun i Årdal sine silisiumskiver til solceller har verdans laveste CO2-avtrykk
  • Brødrene Aa i Gloppen, som utviklar hurtiggåande båtar som går på hydrogen
  • I Ryfylke vert planene om å bygge ein fiberkabel til Storbritannia fram
  • Wärtsilä på Stord si satsing på trådlaus batterilading for ferjer
  • Bergen Carbon Solutions med produksjon av karbonnanofiber med CO2 som
    råvare.
- Annonse -