Berre 1,5 prosent av arbeidsstyrken på Stord står no utan arbeid.
Stord, Fitjar og Kvinnherad er kommunane med lågast arbeidsløyse i regionen, med høvesvis 1,5 og 1,4 prosent ledigheit.
I oktober var arbeidsløysa i region Sunnhordland til saman på 1,6 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på 86 personar i høve til oktober i fjor.
– Arbeidsløysa held seg på eit stabilt lågt nivå. Ein av årsakane til den store reduksjonen i arbeidsløysa i høve i fjor, er at fleire personar er i arbeidsretta tiltak, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.
– Dette syns me er positivt då fleire arbeidsledige kjem i aktivitet og nærmare arbeid. Fleire av dei arbeidsretta tiltaka vert gjennomført i lokale bedrifter.
Østerlid er spesielt nøgd med at arbeidsløysa blant ungdom er på veg ned.
– Det er positivt at færre ungdomar som står utan jobb, og at fleire kjem i arbeid og aktivitet. Samstundes er det mange som står utanfor arbeidslivet og som ynskjer å komma i jobb.