Ungane frå Spinae Company tok denne veka i mot gåva frå den største støttespelaren, Sparebanken Vest, som bidreg med 75.000 kroner. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Aksjonsgruppa som har stått på for å redde Spinae Company frå nedlegging har klart det.

– 300.000 kroner for 2019 var det aller minste me trong for å ha eit forsvarleg grunnlag for vidare drift, og for å kunna oppretthalde det eksisterande tilbodet på Spinae, skriv aksjonsgruppa på Facebook.

Aksjonen for å redde Spinae Company starta kort tid etter at danselærar Magdalena From Delis plutseleg varsla på Facebook at ho ville avvikle den populære danseskulen, grunna manglande inntening og stor arbeidsbyrde. Dermed sto over 230 danseelevar frå Stord i fare for å miste fritidstilbodet sitt.

No har dei klart å samla inn 336.000 og kan difor kome med gladbeskjeden mange har venta på: Spinae Company kjem til å overlevev.

– Me treng fortsatt litt meir, men me er over den kritiske grensa!

– Me er så takknemlige for alle som gjev støtte til Spinae, og som har gjort dette mogleg, skriv aksjonskomiteen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Lars Melkevik som koordinerer aksjonsgruppa stadfestar overfor Stord24 at Magdalena From Delis har sagt ja til å vidareføre dei planlagde kursa til hausten.

– Det eksisterande tilbodet vert oppretthalde, med Magdalena på laget, seier Melkevik i ein kort kommentar.

Dette er bedriftane som har bidrege med dei største støttebidraga sålangt:

  • Kværner – 50.000 kroner
  • Sparebanken Vesrt – 75.000 kroner
  • Haugaland Kraft – 25.000 kroner
  • SKL – 25.000 kroner
  • Leirvik AS – 15.000 kroner
  • Salt Ship Design – 10.000 kroner
  • Rema 1000 Heiane – 10.000 kroner
  • Helle Elecon – 10.000 kroner

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -