Etterforskingsleiar ved Stord politistasjon, Roald Raunholm, var spent på om arrestasjonen i drapssakene til Tina Jørgensen og Birgitte Tengs også kan oppklara ein grov valdtektssak på Stord. Mannen på teikninga er fantomteikninga som blei laga i samband med politietterforskinga av valdtekten. Foto: Cassandra G. Jespersen/politiet
- Annonse -

– Det blir veldig spennande å sjå.

I april 1999 blei ei 19 år gammal jente brutalt valdtekten på Hystad på Stord.

Valdtekten var svært grov. Ifølgje Nettavisen blei jenta forsøkt kvalt, valdtekten og blei forleten medvitslaus i ein hage.

Hendinga er framleis uoppklart i dag, 22 år seinare.

I 2004 kunne det sjå ut som om politiet kunne få eit gjennombrot i saka, då ein såg på ei mogleg kopling mot ein drapsmistenkt danske. DNA-sporet til gjerningsmannen på Stord blei då sjekka opp mot den danske mannen sitt DNA, skreiv Bergens Tidende då.

Den same gjerningsmannen blei også sjekka opp mot fleire alvorlege, uoppklarte saker på Vestlandet, som Tina Jørgensen-drapet og Birgitte Tengs-drapet. Men dette førte ikkje til noko gjennombrot i nokon av sakene.

- Annonse -

– Antar at det blir sjekka

Fredag melder politiet at dei har arrestert og sikta ein mann i 50-åra for drapet på Birgitte Tengs i 1995. Han er også mistenkt for drapet på Tina Jørgensen i 2000.

Etterforskingsleiar ved Stord politistasjon, Roald Raunholm, seier til Stord24 at det vil vera svært interessant å kopla DNA-sporet frå den arresterte mannen opp mot gjerningspersonen som står bak valdtekten på Stord.

– Me har spormateriale frå valdtektssaka som eg vil tru at vil bli omsøkt og sjekka opp mot aktuelle kandidatar, seier Raunholm.

– Eg vil finna det naturleg at ein gjer dette når ein no har ein moduskandidat, og at folk som er dømt og mistenkt for valdtekt også vil bli sjekka opp mot saka frå 1999. Eg vil anta at dette blir gjort, utan at eg no kan gå meir i detalj no.

Raunholm seier han er spent på om politiet no endeleg kan få ei oppklaring på den brutale valdtektssaka.

– Det blir veldig spennande å sjå. Me får følgja dette tett.

Har ikkje undersøkt

Politiinspektør Unni Byberg Malmin seier til Stord24 fredag kveld at koplinga mot valdtekten på Stord ikkje er undersøkt.

– Etterforskinga som me no har fokus på har dreid seg om Birgitte Tengs- og Tina Jørgensen-saka. Me har ikkje gått inn og innhenta opplysningar om andre saker i området i denne tidsperioden.