MK’s Marvellous Medicine leverte varene på årets 100 dagar-festival på Leirvik. No kjem dei også til Sagvåg.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bastard måtte melde forfall til årets Fest i Vest-festival, men vert erstatta med up-and-coming-bandet MK’s Marvellous Medicine.

«Der MK’s Marvellous Medicine spiller, blir det snakket høyt om et uvanlig talent», var Dagbladet sin konklusjon etter ein konsert av bergensbandet MK’s Marvellous Medicine i fjor.

Mange fekk dei også med seg konserten deira på 100 dagar-festivalen i vinter på Leirvik. Dagen etter dei spelte køyrde dei over fjellet for å delta som nominerte til Spellemannsprisen. Og joda, dei hanka med seg prisen for beste bluesalbum i 2016.

Veldig nøgd

Festivalsjef Ole Johnny Almås er svært nøgd med å ha hanka inn bandet som ein erstatning for Bastard, før headlineren Return går på scenen på fredagen.

– Eg er veldig nøgd med erstatninga og gler meg voldsomt. Dette er eit up-and-coming-band, og sånn eg har skjønt det er ho på gitaren ein skikkeleg gitarvirtuose.

- Annonse -

– Me set litt standard på festivalen med å booka desse, og me trur at dette kan levere noko av dei betre konsertane på Stord i mange år. Dei er så bra at dei kunne vore headliner.

Bomma på datoen

Almås fortel at det var misforståing med datoane som gjorde at dei lokale rockeheltane i Bastard måtte melde forfall.

– Me bomma litt på datoen med Bastard, og då passa det ikkje for dei likevel grunna ferieavvikling. Men me satsar på å booke dei til neste år.

I tillegg til MK’s Marvellous Medicine har festivalen fått bandet Magic Touch med på kjøpet, som er eit klassisk hardrockband frå Bergen. Almås er i sum veldig nøgd med programmet for årets festival. Han vonar at stordabuen ikkje held seg heime sjølv om Bastard ikkje kjem.

– Eg håpar iallfall at folk kjem seg ut. Eg vonar folk stolar på vurderinga og ikkje sit heime fordi det er eit ukjent band som spelar. Dette kjem til å bli bra.

Sjå klipp frå MK’s Marvellous Medicine sin konsert i Haugesund i fjor:

Høyr ein smakebit frå bandet Magic Touch:

- Annonse -